Eininga Vaksenopplæring og integrering er organisert under oppvekst og har ansvar for
– Etablering og oppfølging av flyktningar som busett i kommunen etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
– Koordinering av kommunen si introduksjonsordning og kvalifisering av deltakarar i høve til utdanning og arbeidsliv
– Vaksenopplæring som består av norskopplæring, samfunnskunnskap og grunnskuleopplæring for vaksne
Eininga er delt i to samlokaliserte avdelingar, vaksenopplæringa og integreringa. På grunn av auka arbeidsmengde i samabnd med mottak av fleire flyktningar søkjer vi no etter leiar i 1-års engasjement ved integreringsavdelinga.
Arbeidsoppgåver ved integreringa
- Dagleg drift og koordinering, for fagområda bosetting og introduksjonsordning
- Vere ein pådrivar for at det blir levert gode tenester i alle ledd, i tråd med gjeldande lovkrav og føringar
- Vidareutvikling og vedlikehald av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Saksbehandling og utarbeiding av søknader om prosjektmidlar og statlege tilskotsmidlar
- Koordinere samarbeidet med dei lokale helsetenestene
Avdelingsleiaren vil saman med inspektøren ved vaksenopplæringa og einingsleiaren utgjere eininga si leiargruppe
Arbeidsoppgåvene kan bli endra over tid og det kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver til stillinga, ut frå behov og overordna føringar
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet
- Kjennskap til kommunalt integrerings- og/eller inkluderingsarbeid
- Erfaring frå arbeid med integreringslova og andre lovverk aktuelle for fagfeltet
- Erfaring frå arbeid med resultatrapportering og planarbeid
- God kjennskap til, og engasjement for arbeid med flyktningar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Har handlekraft og gjennomføringsevne
- Personleg eignaheit blir lagt vekt på
Vi tilbyr
- Vanlege kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter kommunen si Personalplan
Kontakt:
Olav Bergheim
Mob: +47 48296315
E-post: olav.bergheim@surnadal.kommune.no
Søk her
Søknadsfrist: 01.10.2023

Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver. Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.