
Herøy kommune har ledig ei 100 prosent fast stilling som psykolog.
I satsinga på det psykiske helsetilbodet til innbyggarane våre, søker vi no ein kommunepsykolog i ei nyoppretta stilling. Vil du vere med på å forme dette arbeidet?
Den nyoppretta stillinga skal styrke det førebyggande arbeidet for barn og unge, og høyrer til seksjon førebyggande (helsestasjonen). Her vil du jobbe saman med helsesjukepleiarar, sjukepleiarar, jordmor og legar. Seksjonen gir tilbod til barn, unge og foreldre og er ein del av avdelinga for barn, familie og helse.
Psykologstillinga vi har frå før høyrer til seksjonen for psykisk helse og rus. Seksjonen gir tenester i heile livsløpet, spesielt frå ungdomsalder og oppover.
Dei to psykologane våre vil ha kontor på same arbeidsplass. Det innbyr til eit godt fagmiljø.
Du vil samarbeide tett med andre tenester i kommunen og med kompetansemiljø i regionen. Vi jobbar etter modell BTS (betre tverrfagleg samhandling) og er med i satsinga Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Psykologar er sentrale i begge desse utviklingsområda.
Arbeidsoppgåver
- helsefremmande og førebyggande arbeid
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiing og fagstøtte til ulike profesjonsgrupper i kommunen
- deltaking i system- og planarbeid og fagutvikling
- klinisk arbeid, kartlegging og avklaring av behov
- deltaking i det psykososiale krisearbeidet i kommunen
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
- engasjement for tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid
- relevant kompetanse og/eller erfaring med tidleg intervensjon, forebygging og helsefremmande arbeid
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Du må ha sertifikat klasse B og kunne disponere eigen bil.
Herøy kommune har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- du har gode evner til fleirfagleg og kollegialt samarbeid
- du er fleksibel og handlingsorientert
- du jobbar målretta og strukturert
- du kan jobbe både sjølvstendig og i team
- du har gode kommunikasjonsevner
- du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- du er serviceinnstilt
Vi vil legge vekt på dei personlege eigenskapane i tillegg til fagleg kompetanse.
Vi tilbyr
- ei spennande stilling der du vil ha ei viktig rolle i å vidareutvikle kommunepsykologfunksjonen
- kompetente medarbeidarar i eit aktivt og engasjerande miljø
- deltaking i det etablerte nettverket for kommunepsykologar på søre Sunnmøre
- tilrettelegging for spesialisering for psykologar som har behov for dette
- fleksitidsordning
- gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- løn etter avtale
Tilsetting på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Monica Svoren, Avdelingsleiar barn-familie og helse, +47 92885795
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søknadsfrist: 06.10.2023
Søk her!

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!