Skip to content

Rådgjevar – Landbrukskontoret, Haram kommune

  • by

Vi søkjer etter saksbehandlar til rådgjevarstilling innan skog- og viltforvaltning.

Nordre Sunnmøre Landbrukskontor er eit interkommunalt landbrukskontor der Haram-, Ålesund-, Giske- og Sula kommune er medlemmar. Haram er vertskommune og har arbeidsgjevaransvaret. Kontorstad er Brattvåg, samlokalisert med resten av kommuneadministrasjonen. Alle medlemskommunane er vårt arbeidsområde. Her er eit variert landbruk, hovedtyngda av skogbruket er i indre delar om området, viltforvaltninga er likt fordelt, her er eit engasjert og aktivt miljø innan jakt. Landbrukskontoret disponerar eigen bil til synfaringar mv.

Stillingstittel: Rådgjevar
Stillingar: 1
Avdeling: Landbruk – Nordre Sunnmøre Landbrukskontor
Heiltid/deltid: Heiltid
Stilling: 100%
Tilsettingsform: Fast

Arbeidsoppgåver
  • Saksbehandling av tilskotsordningar innan skogbruk, forvaltning av skogfond, søknad om landbruksveg, ferdsel i utmark.
  • Saksbehandling av søknad om fellingsløyve storvilt, skadefelling samt forvaltningsplanar innan viltforvaltninga.
  • Kontakt med publikum/grunneigarar om fagområdet skogbruk og viltforvaltning.
  • Halde eksamen for jegerprøve.
  • Andre oppgåver som fell under fagområdet skog- natur- og viltforvaltning.
Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg med relevant utdanning innan skog- og naturforvaltning på nivå med minst bachelor. Relevant bakgrunn/erfaring kan kompensere for utdanning.

Du har:

  • God evne til munnlege og skriftlig framstilling
  • Kunnskap til offentleg forvaltning er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar

Du er:

  • Ryddig, strukturert og jordnær
  • God til å samarbeide og motivere andre
  • Initiativtaker og pådrivar
  • Engasjert i arbeidsoppgåvene og brukarane, og omtanke for sine kollegaer
  • Resultatorientert, effektiv og nøyaktig
  • God arbeidskapasitet og takle eit høgt tempo i periodar
Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
  • Løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår, kommunal pensjonsordning, IA- bedrift, fleksibel arbeidstidsordning.
Kontaktinformasjon

Kristin Fjeld-Eiken, Kommunalsjef
Helga Færøy, +47 90513075

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Søknadsfrist: 15.02.2024

Søk her!

Haram kommune

http://www.haram.kommune.no

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.