Skip to content

Fast stilling som institusjonslege – Voss herad

  • by

Me har ledig  100% fast stilling som  sjukeheimslege ved Voss sjukeheim
Lyst å jobbe som lege med fri kvar kveld og helg?

Då kan du søkje på vår ledige stilling som lege på Voss sjukeheim.  Sjukeheimsmedisin er både spanande og krevjande med eit stadig meir komplekst sjukdomsbilete hjå pasientane i sjukeheim. Etter arbeid kan du hoppa i fallskjerm, gå eller stå på ski, vera i naturen eller nytte deg av det rike kulturlivet ein finn på Voss og i regionen.

Me vil leggje til rette for at den som ynskjer det, kan verte spesialist i Allmennmedisin. Institusjonsteneste kan gi teljande teneste med inntil 2,5 år i spesialiseringsløpet i allmennmedisin.

Deltaking i legevaktsarbeid og legevakt om ynskjeleg, men elles ikkje påkrevd vaktarbeid.

Om arbeidsplassen

Voss herad har fleire institusjonar. Voss sjukeheim ligg vegg i vegg ved Voss sjukehus. På sjukeheimen er det langtidsavdeling, korttidsavdeling og KAD senger. Institusjonslegane vikarierer for kvarandre ved ferieavvikling, kursverksemd eller anna fråvær.
 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for å sikre legetenester av god kvalitet i sjukeheim
  • undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av bebuarar og pasientar
  • samtaler med bebuarar/pasientar og pårørande
  • tverrfagleg samarbeid
  • legemiddelgjennomgang
  • internundervisning og veiledning
  •  veiledning av LIS1- legar som tenestgjer ved sjukeheimen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Det er ein fordel om du er spesialist i allmennmedisin, nærmar deg dette eller har ein relevant sjukehusspesialitet (for eksempel indremedisin inkl. greinspesialiteter)
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Interesse for sjukeheimsmedisin og fagutvikling
  • Evner å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Gode evner til samhandling og kommunikasjon
  • Ansvarleg og løysingsorientert
  • Fleksibel og utviklingsorientert

Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen.
Ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Kontaktperson:
Ingunn-Olin Haugen tlf: 94136967

Søknadsfrist: 28.01.2024

Søk her!

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande