Skip to content

Fastlege 100 % fast stilling – Voss herad

  • by

Om arbeidsstaden

Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta.

Til saman har vi 9 fastlegeheimlar , 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Det er eit godt arbeidsmiljø

Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem. Det er planlagt overgang til InfoDoc skyløsning ila dei kommande månedane.

Til saman har Voss herad per i dag 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 3 – 4 vakter i månaden

Arbeidsoppgåver:

  • Kurativ legeteneste ved Voss legekontor. Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt.
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid.
  • Kommunalt helsearbeid som arbeid ved, sjukeheim, helsestasjonen og/eller i skulehelsetenesta må påreknast.
  • Løypande oppgåve knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid.
  • Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
  • Legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon.

Me søkjer etter:

  • Deg som har  gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Innehar førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing.
  • god tilrettelegging for spesialiserings løp i allmennmedisin eller vedlikehald av denne spesialiteten .
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • fastløn etter avtale

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Kontaktperson:
Ingunn-Olin Haugen tlf: 94136967

Søknadsfrist: 01.02.2024

Søk her

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande