Skip to content

Legevikariat Voss legekontor – Voss herad

  • by

Ledige vikariat som lege ved Voss legekontor

Voss legekontor har ledige vikariat som fastløna fastlegestilling på vårt flotte legekontor i Knutepunktet.

Vikariat frå snarast 1. mars og eit vikariat frå 1.april 2024. Stillingane er i 100 % og det fylgjer med legevakter ved Voss interkommunale legevakt.
Om arbeidsstaden
Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinnstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta.
Til saman jobbar det 9 fastlegar, 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret.
Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, daglegevakta er for tida stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus.
Det er eit godt arbeidsmiljø. Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.
Til saman har Voss herad per i dag 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 3 – 4 vakter i månaden.

Arbeidsoppgåver

• kurativ legeteneste ved Voss legekontor
• ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt
• deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
• løypande oppgåver knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
• inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL

Me søkjer etter

• norsk autorisasjon som lege
• er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
• har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
• innehar førarkort klasse B
• legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon
• personlege eigenskapar vil verta vektlagt
• godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen

Me tilbyr

Listetak på 1000 pasientar, med nedjustering på 200-400 pasientar for andre kommunale oppgåve
for ny eller uerfarne ALIS reknar me 160 pasientar per kurative dag
Om du allereie er spesialist eller er i spesialisering vil du oppleva eit godt kollegialt samhald, tverrfagleg samarbeid og trygge rammer
Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale), me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta
Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Søknadsfrist: snarast og seinast innan 31/1-2024.

Kontaktperson: Ingunn-Olin Haugen tlf: 94136967

Søknadsfrist: 31.01.2024

Søk her

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande