Skip to content

Sommarjobb daglegevaktslege – Voss herad

  • by

Har du lyst å jobbe som lege på vår daglegevakt sommaren 2024?

Om arbeidsstaden

Vårt kommunale legekontor har mellom anna som oppgåve å sørge for daglegevaktstilbodet for pasientar som oppheld seg i Voss Herad og treng øyeblikkelig hjelp .

Daglegevakta samlokalisert med akutt mottaket ved Voss sjukehus.
Tidspunkt: frå 24/6-2024
Arbeidstid kl 0800-1600, måndag til fredag.

Det er også mogleg å få vakter ved vår interkommunale legevakt for Voss og dei omkringliggjande kommunane som høyrer til i same lokalar som daglegevakta. Den interkommunale legevakta er i drift på ettermiddag, kveld, natt samt i helgene.

Me ser etter deg som:
– Likar å arbeide med øyeblikkelig hjelp pasienter i allmennmedisin
– Er vaktkompetent ihht akuttmedisinskforskriftas kriterier
– Har gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
– Innehar førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt. 

Me nyttar InfoDoc Plenario journalsystem

Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest før dei tek til i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Kontaktperson: Ingunn-Olin Haugen tlf: 94136967

Søknadsfrist: 11.02.2024

Søk her!

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande