Skip to content

Oppmålingsingeniør innan Landmåling og geodata – Time kommune

  • by

Geodata og oppmåling er ei avdeling med fire årsverk, organisert i verksemda Plan og forvaltning. 

Avdelinga er ansvarleg for utvikling og vedlikehald av kommunen sitt geografiske informasjonssystem, oppmåling og sakshandsaming etter lov om eigedomsregistrering og seksjonering. Vi bruker Winmap kartsystem og Gisline landmålingsprogram, samt Leica GNSS og totalstasjon. 

Me søkjer deg som er oppteken av faget, med vilje og evne til å ta i bruk ny teknologi som vidare kan delast med avdelinga.  

Arbeidsoppgåver
  • Gjennomføra oppmåling- og delingsforretningar etter matrikkellov og seksjoneringslov 
  • Velikehald av kommunens kartbasar
  • Landmålingstekniske oppgåver  
Kvalifikasjonar
  • Gode fagkunnskapar
  • Relevant bachelor eller master, anna relevant arbeidserfaring/utdanning kan vurderast
  • Autorisasjon som landmålar
  • Autorisasjon matrikkelføring
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B, manuell gir
  • Personleg eignaheit vil verta vektlagt
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Resultat- og utviklingsorientert
Vi tilbyr
  • God pensjonsordning(KLP)
  • Lønn etter avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon

Ole Geir Grønås, Avdelingsleiar, 97571578, ole.geir.gronas@time.kommune.no

Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 30
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.02.2024

Søk her!

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.