Skip to content

Koordinator avløp i felt – Ulstein kommune

  • by

Ulstein kommune, teknisk etat, søkjer etter ein ressursperson innan avløp. Denne personen skal blant anna starte ei omfattande kartlegging av leidningsnett vårt innan spillvatn og overvatn. Dette er viktig for jobben vi skal gjere med reduksjon av framandvatn som gir store belastningar på spillvassystemet vårt.

Arbeidsoppgåver

– Du får eit overordna ansvar for avløp i felt
– Kartlegging av spillvatn og overvatn
– Rapportere resultat av kartlegging
– Utarbeide dokumentasjon frå kartlegging
– Utføre ulike grave- og røyrleggjar-arbeid i samband med t.d. reparasjon av infrastruktur eller saneringsprosjekt
– Du må kunne delta i brøytevakt
– Du må kunne delta i teknisk vakt (krever responstid på 20 min til sentralanlegget)
– Andre oppgåver vil kunne verte tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

– ADK1
– Maskinførarbevis
– Lang røynsle innan VA
– Røynsle innan planlegging og gjennomføring av VA-anlegg
– Leiarerfaring som t.d. formann
– Røynsle innan stikningsarbeid (GPS)
– Røynsle innan utarbeiding av dokumentasjon på VA-anlegg
– Førarkort klasse BE
– Relevante fagbrev kan gi tilleggsvekting
– Gode referansar

Personlege eigenskapar

– Du er framoverlent
– Du er effektiv i ditt arbeid
– Du er ikkje redd for å “skitne deg ut”
– Du vil “gjere ein forskjell”
– Du er flink å samarbeide

Vi tilbyr

– Eit svært godt arbeidsmiljø med god “takhøgde”
– Gode pensjons- og forsikringsordningar
– Løn etter Hovedtariffavtalen

Kontaktinformasjon

Jørgen Hageselle, Avdelingsleiar drift og anlegg, +47 91852807

Arbeidsstad

Rådhuset
6065 ULSTEINVIK

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2024

Søk her!

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.