Skip to content

Arealplanleggar – Kinn kommune

  • by

Kinn kommune er den mest mangfaldige kommunen i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter.
 
Kinn er ein kommune med stor byggeaktivitet. Vi ynskjer å styrke planavdelinga vår med ein ny medarbeidar. Vi lyser difor ut ei fast heiltidsstilling som Arealplanleggjar. Stillinga ligg til avdelinga arealforvaltning og byggesak. Avdelinga har 20 tilsette og har eit godt arbeidsmiljø. Kontorplass er Florø eller Måløy.

Arbeidsoppgåver

· Planarbeid på alle nivå: til dømes kommuneplanar, områderegulering, detaljregulering og tilhøyrande utgreiingar og kartgrunnlag
· Sakshandsaming og framlegging av saker til politisk handsaming
· Planproduksjon i GIS-line
· Kundeservise gjennom t.d. rettleiing, plandialog og informasjons-/folkemøter.

Kvalifikasjonar

· Høgskule-/universitetsutdanning innan fagområder som arealplanlegging, landskapsplanlegging, naturforvaltning, geografi og/eller klima er ønskjeleg. Anna relevant utdanning kan og vere aktuelt.
· Erfaring frå offentleg forvaltning og arealplanlegging er ein fordel
· Gode datakunnskapar og kjennskap til geografiske informasjonssystem
· Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
· God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

· Gode samarbeidsevner, kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
· Gode gjennomføringsevner og evne til å arbeide systematisk
· Serviceinnstilt og positiv haldning til både publikum og kollega
· Evne og vilje til å tileigne og dele ny kompetanse
· Trivast med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press i ein organisasjon i endring
· Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

· Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innan et spanande fagfelt
· Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegar
· Fleksibel arbeidstid
· Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
· Medlemskap i offentleg pensjonsordning KLP
· Godt kollegialt arbeidsmiljø med «låg dørterskel» mellom fagavdelingane

Kontaktinformasjon

Leni Marie Lisæter, Plansjef i Kinn, +47 99029461

Arbeidsstad

Magnus Thingnesgate 1
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4773528180
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2024

Søk her

Foto: Freysteinn G. Jonsson

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.