Skip to content

Einingsleiar Suldal heimeteneste – Suldal kommune

  • by

Det er ledig 100% fast stilling som leiar for eininga Suldal heimetenester.  Oppstart 01.09.2024 med mogleg for overlapping med nåverande leiar dei 2 siste vekene i august.

Vil du ha ein kjekk, spennande og utfordrande jobb i Suldal, så søkjer me deg til stillinga som einingsleiar i Suldal heimetenester.

Suldal heimetenester har utvikla seg dei siste åra til å bli den største eininga innan omsorg.  Eininga driftar heimesjukepleie, psykisk helse med tildelingskontor og Vinjarheim bufellesskap.  Vinjarheim er under prosjektering til eit nytt, framtidsretta bygg. Det er eigne avdelingsleiarar på alle tre områda.

Me kan lova deg ei stilling der du vil ha stor friheit til å utvikla område med gode kollegaer som er med på laget ditt, og du blir ein del av ei flott leiargruppe i Helse og Velferd som gladleg bidrar til at du får ein flott oppstart i stillinga.

SØK DA VEL..

Arbeidsoppgåver

  • Leie eining Suldal heimetenester i tråd med Suldal kommune sine målsetjingar
  • Ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
  • Ansvar for omdømebygging, informasjon og kommunikasjon
  • Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar for eininga
  • Har fokus på rekruttering, kompetanseheving og bruk av ulike arbeidstidsordningar
  • Du må jobbe tett med andre leiarar og fagpersonar.

 Kvalifikasjonar, du må ha:

  • Høgare helsefagleg utdanning, gjerne med vidareutdanning i faget.
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk.
  • God rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Det er ønskeleg med leiarerfaring
  • Kunnskap og interesse for digitalisering som utvikling og effektivisering av arbeidsprosessar
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar, me søkjer deg som:

  • Har gode samarbeidsevner
  • Har gode analytiske evner
  • Er trygg og tydeleg i leiarrolla
  • Er utviklingsorientert og har evne til å tenke heilskapleg på tenestene innan omsorg

Me tilbyr

  • Varierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av Suldal kommune
  • Eit kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

Her finn du ein smakebit av vår flotte natur og turmoglegheiter

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

Kontakt:
Grethe J. Anglevik +47 979 71 600 +47 52 79 22 72
E-post: grethe.anglevik@suldal.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 15.03.2024

This image has an empty alt attribute; its file name is image-11-1024x673.png
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde
This image has an empty alt attribute; its file name is image-10-1024x680.png
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde
This image has an empty alt attribute; its file name is image-12-1024x683.png
© Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde

Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og pulserande oase for natur og kultur! Suldal kommune er stolt av å være en nyskapande arbeidsgjevar i stadig utvikling. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester. Me søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på vår spennande reise. Om du søkjer ein meiningsfull karriere i ein dynamisk og innovativ kommune, samtidig som du ønskjer ein balansert og aktivt fritid, er Suldal plassen for deg. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder , idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Vårt rike kulturliv gir liv til samfunnet, både i grendene, og på det aktive kulturhuset på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhald og ikkje minst Suldal bad. I grendene våre har me aktive innbyggarar som er opptatt av å utvikle seg og møte framtidas Suldal. Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!