Skip to content

Assisterande seksjonsleiar Askvoll omsorgssenter – Kårstova – 100% fast stilling – 2. gongs utlysing

  • by

Vi ser etter ein leiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?

Helse- og omsorgsetaten i Askvoll kommune søkjer etter assisterande seksjonsleiar til seksjon Kårstova frå snarast.

Stillinga er delt mellom  administrativt arbeid på dagtid  og 50% sjukepleiefagleg arbeid i turnus. Stillinga vert løna etter 35,5 t/veke og vil ha arbeid kvar 3. helg.  Seksjonsleiar deltek i leiarteamet saman med to andre ass. seksjonsleiarar og  institusjonsleiar for sjukeheimen.

Vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø. Med fagleg inspirerande einingar der bebuarane sine behov og ressursar er i sentrum.

Askvoll omsorgssenter består av:

  • Kårstova; eining med 16 langtidsplassar og 1 avlastingsplass, og dagtilbod for heimebuande personar med demens 
  • Solstova/Rask; eining med 16 plassar i bufellesskap/ langtidsplassar 
  • Smia/Fløyen/Omsorg 2; eining med 14 plassar til korttidsopphald/rehabilitering/bufellesskap og langtidsplassar, i tillegg til 9 omsorgsbustadar med heildøgns tenester.

Kårstova, som du vil vere leiar for, er ei eining for personar med kognitiv svikt og demens, med 16 plassar dedikerte til langtidsomsorg. I tillegg tilbyr eininga ein avlastingsplass for å gje pårørande nødvendig avkopling og støtte. Denne plassen bidreg til å tilby ei trygg og omsorgsfull atmosfære for pasientar, samtidig som det gjev avlastning for familie og omsorgsgjevarar.

Eininga har og eit dagtilbod for heimebuande personar med demens, som fokuserer på sosial interaksjon, mental stimulering og fysisk aktivitet for å oppretthalde pasienten sin kognitive og sosiale ferdigheiter. Fagpersonalet på Kårstova er spesialisert innan demensomsorg og arbeidar etter prinsipp om personsentrert omsorg, med fokus på å støtte kvar enkelt pasient si unike personlegdom og behov..

Arbeidsoppgåver:

  • Personal-, økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
  • Vidareutvikle felles kultur som sikrar likeverdige tenester
  • Planlegge og legge til rette for vidareutvikling av tenestene
  • Sakshandsaming
  • Turnusarbeid
  • Internkontroll
  • Samarbeid og samhandling med andre seksjonar og faggrupper i 1. og 2. linetenesta

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
  • Leiarerfaring er ynskjeleg
  • Gode datakunnskapar og evne til å sette seg inn i og bruke nye system
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Har ei løysningsorientert innstilling
  • Godt humør og positiv innstilling

Vi tilbyr:

  • Sjølvstendig stilling med høve til å delta i utviklingsarbeid
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • God forsikrings- og pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for sjukepleiararar og vernepleiarar
  • Arbeid etter 35,5 t/veke og kvar 3. helg
  • Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 12.05.2024

Kontaktperson:

Sara Osland
+47 90607962 +47 57734507
sara.osland@askvoll.kommune.no

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.