Skip to content

HAFS kommunane har ledig stilling som prosjektleiar for tverrfagleg prosjekt

  • by

2. gongs utlysing

Kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund skal vere gode kommunar å vekse opp i. Kvar kommune skal ha eit tverrfagleg og samanhengande tenestetilbod for barn og unge og deira familie.  

I eit interkommunalt samarbeidet har vi utarbeida ein overordna plan for førebygging, tidleg innsats og eit heilskapleg tilbod til barn, unge og deira familiar. I den samanheng har vi motteke tilskot til å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn, unge og deira familiar. Vi organiserer arbeidet som prosjekt og vi søkjer med dette etter prosjektleiar for perioden våren 2024 til våren 2026, med moglegheit for forlenging.  

Arbeidsgjevaransvar og kontorstad for prosjektet er førebels lagt til Fjaler kommune, men dette kan bli endra.

Arbeidsoppgåver
  • Ferdigstille prosjektplan og utarbeide handlingsrettleiar for implementering og gjennomføring av prosjektet.
  • Arbeide i tett samarbeid med den interkommunale arbeidsgruppa beståande av deltakarar frå alle fire kommunane
  • Arbeide saman med- og halde seg orientert om arbeidet i dei lokale arbeids- og styringsgruppene
  • Delta i aktuelle møter; både lokalt, interkommunalt, regionalt og nasjonalt
  • Utarbeide og følge opp budsjett og rapportere på tilskotsmidlar
  • Sikre medverknad gjennom involvering av relevante partar
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • IKT kompetanse
  • Kompetanse i systematisk og målretta prosjektarbeid
  • Kunnskap om korleis kommunale tenester er organisert og fungerer
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Er god på relasjonar og samhandling
  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
  • Kan jobbe strukturert og med god gjennomføringsevne

 Personlege eigenskapar bli vektlagt.

Vi tilbyr
  • Rettleiing og hjelp frå Bufdir og KoRus undervegs i prosjektperioden
  • Trivelig arbeidsmiljø og hjelpsomme kollegaer
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsvilkår

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unntatt offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Kontaktperson:

Heidi Roos
Mobil: +47 57738120
E-post: Heidi.Roos@fjaler.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 09.06.2024

Foto: David Zadig

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.