Skip to content

Rektor til Våge skule – Fjaler kommune

  • by

Har du lyst til å vere med å leie skulen vår?

Den spanande jobben som rektor på Våge skule er no ledig

Vi er 18 tilsette på skulen som ventar i spaning på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Våge skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.

I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst.  Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte og guiding i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.

Våge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde.

Skulen er sjølve «hjartet» i bygda og staden der både barn, unge og resten av bygdefolket samlast til trening på kunstgrasbana, sandvolleyballbana, i treningsrommet, på skytebana eller i klatreveggen, men også til fest, basarar, møteverksemd og andre arrangement. Det er eit godt samarbeid mellom skulen og dei ulike næringane i bygda vår. Ny barnehage er bygd tett attmed skulen.

Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett og møtt kvar dag av trygge, kjende vaksne. Vi knyter nærsamfunnet vårt til oss i store deler av undervisninga og skulen har eigen båt. Elevane våre får mellom anna delta i hjortejakt, besøkje fiskeoppdrett og lære om landbruk, industri, sjøen, fjellet og skogen.  

Arbeidsoppgåver

Du vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

For å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Det inneberer pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Det er ønskjeleg at du har  kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt syne tryggleik i leiarrolla

Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.

Særskilde krav

Krav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal framsynast før oppstart i stilling.

Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Vi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Kommunen vil vere hjelpeleg med å skaffe bustad.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Kontaktperson:

Kjell Roger Stien
Tlf: +47 90184680 +47 57738060
E-post: Kjell.Roger.Stien@fjaler.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 29.05.2024

Foto: David Zadig

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.