Skip to content

Ledige lærarvikariat for skuleåret 2024/25 på Våge skule – Fjaler kommune

  • by

Vi har ledig to 100 % vikariat som lærar for skuleåret 2024/25 på Våge skule. 

Våge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader fint til ytst i Fjaler. Skulen har rundt 40 elevar. Barneskulen er todelt og ungdomssteget todelt. Det er 18 tilsette på Våge skule.

No ser vi etter ein grunnskulelærar på 1-7 trinn og grunnskulelærar på 1-8 trinn med fagynskje engelsk.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillingane.

Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10. Andre med godkjend pedagogisk utdanning kan òg søkje.
  • Den eine stillinga har fagynskje engelsk
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Det blir lagt vekt på om ein er personleg eigna for stillingane. 

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 33.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
  • Mentorordning for nyutdanna

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader. 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Kontaktperson:

Anne Erstad, rektor Våge skule
Tlf: +47 95336121 +47 57738078
E-post: anne.erstad@fjaler.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 09.06.2024

Foto: Sissel Bringeland

Flekke skule og barnehage dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. Skulen og barnehagen er samlokalisert med ca 70 barn. Barnehagen har 2,5 avdelingar. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring. Flekke skule og barnehage ligg i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.