Skip to content

Miljøterapeut / miljøarbeidar i Fjalerskulen – Fjaler kommune

  • by

Fjaler kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar. For skuleåret 2024-2025 er stillinga på Flekke skule. Seinare kan det vere aktuelt på andre skular. Stillinga vil vere knytt opp mot enkeltelevar men du vil og ha ansvar for å koordinere arbeid med læringsmiljøet.

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge- og gjennomføre læringsstøttande aktivitetar med enkeltelevar og elevar i skuletida
  • Rettleiing og direkte arbeid med elevar med behov for særskilt oppfølging
  • Delta i arbeidet med å utarbeide individuelle opplæringsplanar
  • Samarbeid med andre instansar rundt eleven
  • Bidra til auka læringsutbytte for elevar med psykososiale utfordringar.    
  • Bidra til et godt læringsmiljø
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning på bachelornivå
  • Andre med relevant og god erfaring er og velkomne til å søkje
  • Erfaring frå arbeid med- og oppfølging av barn og ungdom
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politiattest 
Personlege eigenskapar
  • Høg arbeidsmoral og glimt i auga
  • Vere ein tydeleg og trygg vaksen med eit positivt elevsyn
  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel, med vilje og evne til å bidra inn i læringsfellesskapet
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Tolmod og evne til å tenke langsiktig

Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt

Vi tilbyr
  • Spanande og meiningsfylte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Rettleiing
  • Løn etter utdanning og ansiennitet
  • God pensjonsordning og rabatterte forsikringar i KLP
  • Arbeidstida følgjer skuleåret til elevane, pluss to veker og med lengre dagar

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

Kontaktperson:

Ingvard Flekke
Tlf: +47 91880274 +47 57738056
E-post: Ingvard.Flekke@fjaler.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 09.06.2024

Foto: Sissel Bringeland

Flekke skule og barnehage dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. Skulen og barnehagen er samlokalisert med ca 70 barn. Barnehagen har 2,5 avdelingar. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring. Flekke skule og barnehage ligg i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.