Skip to content

Kommunalsjef samfunnsutvikling – Samnanger kommune

  • by
Om stillinga

Samnanger kommune har mange, store og spennande oppgåver som skal løysast i åra som kjem. Sektor for samfunnsutvikling skal vere ein spydspiss og ei drivkraft i dette arbeidet. Kommunalsjefen får eit stort handlingsrom ved å bidra til at kommunen klarer å løfte seg inn i ei samansett og krevjande framtid, kor dei gode og berekraftige løysingane ligg og ventar.

For å lukkast må kommunen utvikle seg på mellom anna samarbeid og samhandling (internt og eksternt), digitalisering og innovasjon, strategisk og operativ styring, samt ein positiv og lyttande dialog med innbyggjarane våre.

Samfunnsutvikling rommar i dag dei to einingane teknisk drift og reinhald og teknisk forvaltning. I tillegg er prosjektleiar plassert direkte under kommunalsjefen. Det er rom for at ny kommunalsjef kan vurdere endringar innafor sektoren sin.

Kommunalsjefen tek del i rådmannen si leiargruppe saman med kommunalsjefane for økonomi og organisasjon, oppvekst og helse og omsorg.

Arbeidsoppgåver

Kommunalsjefen forvaltar rådmannen sitt delegerte mynde innafor sin sektor. Hovudtrekk er sakshandsaming og forvaltning innan plan, byggesak, klima og miljø, natur, samferdsel, drift og vedlikehald av kommunen sine vegar og bygg/eigedommar, infrastruktur/VA, næring og brann.

Kommunalsjefen har også ansvar for kommunen sine investerings- og utviklingsprosjekt, inkludert budsjettering og rapportering.

Til å leie dette arbeidet søkjer me ein raus og klok leiar. Du er nytenkjande og framtidsretta og leier dine tilsette på eit vis som får fram det beste i dei – samstundes som du er medviten forventningane frå innbyggjarar og politisk nivå.

Kommunalsjefen har overordna ansvar for fag (resultat), personal og økonomi (adm.) innafor sin sektor.

  • Du tenkjer heilskapleg og peiker retning når uvissa rår. Dette gjer du mellom anna gjennom å kommunisere klare mål og forventningar både til organisasjonen, leiarar og tilsette. Du er ein synleg pådrivar
  • Du er særs oppteken av kontinuerlig betring av tenestene, og sikrar dette gjennom motivasjon og utvikling av dei tilsette i sektoren
  • Du har god økonomisk forståing og erfaring, og leverer stødig og offensiv økonomistyring
  • Du er minst like oppteken av at dei øvrige sektorane skal lukkast, og er difor alltid på tilbodssida for at dei skal nyte godt av det du og din sektor kan bidra med
  • Du førebur politiske saker og gjennomfører vedtak som vert fatta 
  • Du representerer rådmannen i ulike samarbeid med andre kommunar og fylkeskommunale, statlege organ og øvrige aktørar
  • Du er proaktiv i samarbeidet og dialogen med vernetenesta, tillitsvalgte, innbyggjarar og folkevalde – dei er dine ressursar for å lukkast
  • Du sikrar kvalitet, og har god forståing for internkontroll
Kvalifikasjonar

Krav

  • Relevant høgare utdanning (min. bahcelor) i relevante fag
  • Erfaring frå offentleg sektor
  • Erfaring med økonomistyring, inkludert forståing for rammestyring og styring i tråd med tilgjengelege midlar.
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner

Ynskje

  • Erfaring med å leie medarbeidarar med høg fagkompetanse, gjerne leiing av leiarar
  • Engasjement knytt til auka digitalisering, implementering av teknologi. Du er oppteken av, og er ei drivkraft for innovasjon og nyskaping
  • Kjennskap til offentleg verksemd og samspelet med folkevalte
  • Erfaring med saksutgreiing/skriving av politiske saker
Personlege eigenskapar
  • Du er resultatorientert, men samstundes sikrar du gode prosessar. Du evnar å prioritere og beslutte
  • Du tenkjer heilskapleg om kommunen sine utfordringar, og har både evne og vilje til å løyse desse gjennom analytisk og strategisk tilnærming
  • Du har høg grad av handlingskompetanse og sterk gjennomføringskraft – du står støtt når det bles. Arbeidskapasiteten din er høg
  • Du er utviklingsorientert, endringsvillig, modig og klok – du skaper engasjement rundt deg ved å motivere, involvere og samle folk
  • Du framstår representativ på vegne av rådmannen og er på line med hans oppdrag gjeve frå politisk nivå
  • Du er trygg i leiarrolla, og bidrar med energi og godt humør
Me tilbyr
  • Ein attraktiv toppleiarstilling i ein kommune som vil noko
  • Du sit i førarsetet for god samfunnsutvikling til beste for dei som bur – eller vil busetje seg i Samnanger
  • Du får initiere og leie utfordrande og spennande prosjekt i samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Gode og solide medarbeidarar
  • Løn etter avtale
  • Stillinga er ledig frå snarast, eller etter avtale
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Kontaktperson:

Ove Sæbø – Rådmann
Mobil: 922 25 562
E-post: ove.sebo@samnanger.kommune.no

Søk her!

Søknadsfrist: 10.08.2024

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.

Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

https://www.samnanger.kommune.no