Skip to content

Plansjef – Ålesund kommune

  • by

Vi ser etter deg som er engasjert, tydeleg og løysingsorientert, og som vil vere plansjef i Ålesund kommune. 

Som plansjef er du avdelingsleiar for arealplanavdelinga, og du vil vere ein viktig bidragsytar når det gjeld utvikling av Ålesund kommune, dialog med utbyggarar, overordna mynde og anna relevant bransje, samt eit bindeledd internt mot andre fagverksemder. 

Hos oss vil du leie og vere ein del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan ingeniørfag, juss, arkitektur og  landskapsarkitektur.

Det er høg aktivitet både innan offentleg og privat sektor, og kommunen har fleire store planprosessar som er i startfasa. Vi skal i tida framover jobbe mykje med kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar, byutviklingsprosjekt og liknande. Avdelinga handsamar plansaker, og har viktige rådgjevningsoppgåver ovanfor private aktørar, andre kommunale verksemder og politikarar.

Avdeling arealplan er tverrfagleg samansett, og er ein del av verksemd for plan og bygning. Der er ca. 12 tilsette og avdelinga vil bli oppbemanna i tida framover i samband med arbeidet som skal skje med kommuneplanens arealdel. Avdelinga har ei sentral rolle når det gjeld forvaltning av areal i Ålesund kommune gennom arbeid og handsaming av kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar og detaljreguleringsplanar. 

Arbeidsoppgåver
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområder og målsettingar.
  • Delegert økonomi- og personalansvar for avdelinga.
  • Fagansvar for avdelinga.
  • Legge til rette for ein god dialog med innbyggjarar, næringsliv og overordna mynde.
  • Stimulere til tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av verksemder og avdelingar.
  • Inspirere og motivere medarbeidarane.
  • Aktivt bidra til meir effektive og digitale løysingar for organisasjonen og innbyggjarane. 
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning innan eit eller fleire relevante fagområder, fortrinnsvis på masternivå.
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
  • Erfaring med økonomistyring, personalleiing og omstillingsarbeid.
  • Kjennskap til avdelinga sitt ansvarsområde og dei nasjonale føringane som set rammer for kvaliteten og driv utviklinga av området.
Personlege eigenskapar
  • Evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjersler, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer. 
  • Evne til å legge til rette for meining, meistring og motivasjon, bygge tillit og trygge meistringsklima og arbeidsmiljø.
  • Evne til å kontinuerleg tilpasse og utvikle verksemda og arbeidsmåtar til nye behov og krav i eit strategisk perspektiv. 
  • Du må kunne bygge nettverk og samhandle med eksterne aktørar.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du må kunne utøve fleksibilitet. 
  • Fagleg integritet, god sjølvinnsikt og ei tydeleg stemme.
Vi tilbyr
  • Fagleg spanande og varierte oppgåver. 
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for fagleg utvikling.
  • Ei moglegheit til å påverke morgondagens samfunn.
  • Lønn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring.
Kontaktinformasjon

Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, silja.ovrelid@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Kontaktperson for stillingen

Silja Øvrelid – Verksemdsleiar
E-post: silja.ovrelid@alesund.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2024

Søk her!

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

http://www.alesund.kommune.no