Skip to content

Rådgjevar/seniorrådgjevar – Forvaltning, Miljø og Samferdsel – Kommunalområde Samfunn – Ålesund kommune

  • by

Ålesund kommune søker rådgjevar/seniorrådgjevar. 

Stillinga vil ligge til forvaltningsavdelinga i verksemd for miljø og samferdsel.  Forvaltningsavdelinga er samansett av fleire fagområde innan veg, grønt, klima og miljøforvaltning. Forvaltning av kommunal samferdsel, grøntområde, friareal og idrettsareal er ei primæroppgåve for avdelinga.  I tillegg til forvaltning av lovverk knytt til veg og friluft, samt kommunen si rolle som grunneigar av slike områder, arbeider avdelinga  tverrfagleg  med eksterne og interne partar for å bidra til ein overordna og heilskapleg planlegging  av samferdsel og blågrøn infrastruktur.  Avdelinga skal også bidra til å nå kommunen sine mål innan natur, klima og miljø. 

Arbeidsoppgåver
  • Trafikksikkerheitsplan 
  • Overordna kollektivplan 
  • Innspel til reguleringsplanar og oppdragsgivar for regulering av kommunale prosjekt 
  • Fagkompetanse i ulike prosjekt, i tilknyting til interne, eksterne og tverrfaglege tiltak 
  • Dialog og samhandling med aktuelle faggrupper, både internt og  eksternt    
  • Skiltplanar og skiltvedtak 
  • Andre oppgåver vil kunne høyre til stillinga 
Kvalifikasjonar
  • Krav til god datakunnskap og erfaring med DAK-verktøy 
  • Krav til utdanning på bachelor- eller masternivå innanfor relevant fagfelt 
  • Erfaring med vegplanlegging og vegprosjektering 
  • Erfaring med trafikksikkerheitsarbeid 
  • Kunnskap om og erfaring med reguleringsplanar og reguleringsprosessen 
  • Erfaring frå økonomistyring og andre økonomirelaterte oppgåver  
  • Krav om å meistre norsk skriftleg og munnleg  
  • Krav til førarkort klasse B. 
Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert, nysgjerrig, motivert og med ei positiv innstilling 
  • Strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar 
  • Stor gjennomføringsevne 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 
Vi tilbyr
  •  Fagleg spennande og varierte oppgåver 
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • God tilrettelegging for fagleg utvikling 
  • 100% stilling 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Fleksitid og gode arbeidsvilkår 
Kontaktinformasjon

Ida Morsund, Avdelingsleiar, 908 10 432, ida.morsund@alesund.kommune.no
Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, Verksemdsleiar, 959 79 470, pergunn.rodseth.gjerdsbakk@alesund.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2024

Søk her!

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.