Skip to content

Rektor til Engelsvoll skule – Klepp kommune

  • by

Rektor Engelsvoll skule

Vil du vera med å skapa framtidas skule? Vi søker no ein dyktig leiar som ønsker å vera med på den vidare utviklinga av Engelsvoll skule.

Engelsvoll skule er ein barneskule i Klepp kommune. Det er omlag 180 elevar og 30 tilsette. Skulen si leiing består av rektor og ein avdelingsleiar. SFO- leiar og saksbehandlar utgjer resten av skulen sin administrasjon. Skulen ligg like ved Klepp stasjon og Frøylandsvatnet.

Skulen har eit innbydande bibliotek, og gode areal både inne og ute. Elevane er ofte på uteskule i nærområdet. I profesjonsfellesskapet arbeider skulen med digital kompetanse, lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter og nyttar blant anna «På sporet» i opplæringa. Ved skulen samarbeider tilsette og leiing om å sikre ei inkluderande undervisning basert på eit positivt elevsyn.

Skulen er praksisskule for lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.

Kommunen og skulen er ein del av Jærskulen. Jærskulen er eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling der du som leiar deltek i eit fagleg solid nettverk, på tvers av kommunane på Jæren

Arbeidsoppgåver

  • Leia og motivera tilsette i profesjonelle lærande fellesskap
  • Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbytte til elevane
  • Leia skuleutvikling
  • Skapa godt samspel med elevar, tilsette, foreldre og nærmiljø
  • Du har evne og interesse for å vera med å skapa eit positivt lærings- og arbeidsmiljø· og eit godt skule/heimsamarbeid
  • Driva økonomistyring og resultatkontroll

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
  • Du har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
  • Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning
  • Kunnskap og erfaring innan IKT
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevne
  • Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
  • Du er god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjonar på alle nivå.
  • Du er inkluderande og har blikk for alle.
  • Du er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
  • Du er fleksibel, lojal og har godt humør
  • Du jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Rettleiing for nye rektorar
  • Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • TIlsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Tilsetjingspunkt etter avtale

Kontaktinformasjon

Vigdis Vatne, skulesjef, +47 98825597

Arbeidsstad

Engelsvollvegen 91
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2024

Søk her!

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.