Skip to content

Rådgiver / Konsulent – Bygland kommune

  • by

Kommunalområde økonomi og administrasjon, Bygland Kommune

Me har no ledig stilling innan økonomi og sakshandsaming med spesielt fokus på kommunale avgifter. Stillinga er organisert i kommunalområdet Økonomi og administrasjon. Kommunalområdet består i dag av seks dyktige og engasjerte tilsette i tillegg til kommunalsjef, og me har eit godt arbeidsmiljø. Økonomi og administrasjon er ansvarleg for den fortløpande rekneskapsføringa til kommunen, budsjett, rapportering, finans, gjeldsforvaltning, fakturering, innfordring og kommunale avgifter. I tillegg kjem lønn, arkiv, startlån, politisk sekretariat, heimeside, diverse sakshandsaming, sentralbord og kundemottak.

Kommunalområdet hjelper dei kommunale driftseiningane og yter service til organisasjonen i det daglege arbeidet. Økonomi og administrasjon er òg eigar og administrator for fagsystem. Kommunen nyttar fagsystemet KomTek på kommunale avgifter, Elements på sakshandsaming/arkiv og Xledger på fakturering, rekneskap og økonomi. Sistnemnte blei innført frå 01.01.24.
 
Bygland kommune er med i det interkommunale IKT-driftsselskapet IKT Agder, som leverer tenester på to nivå av offentleg forvaltning (kommune og fylke). Til saman er det 14 eigarkommunar i tillegg til Agder fylkeskommune. Kommunane i IKT Agder bruker for det meste same fagsystem, som gjer det lettare å samarbeide på tvers av kommunane, og ein får eit større fagmiljø.
 
Stillinga er i hovudsak retta mot å lage fakturagrunnlag på kommunale avgifter i KomTek, og sakshandsaming som faller naturleg under dette fagområdet, men det inngår og diverse andre oppgåver, som følger av lista under. Kundekontakt vil bli ein viktig del av stillinga. Arbeidsstaden vil vere på kommunehuset på Bygland. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Økonomi og administrasjon.

Me tilbyr

  • Arbeidsstad i ein vakker og naturskjønn kommune.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fagleg interesserte og dyktige kollegaer.
  • Gode moglegheiter til personleg og fagleg utvikling.
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for delvis heimekontor ved behov.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk.
  • Pendlartillegg kan vurderast i den einskilde tilfelle.

Vi gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).

Arbeidsoppgåver
  • Lage fakturagrunnlag og administrere og ajourføre kommunale eigedommar/avtalar i KomTek.
  • Systemansvarleg for KomTek i Bygland.
  • Hjelpe innbyggjarar med spørsmål og rettleiing om kommunale avgifter.
  • Sakshandsaming, for eksempel handsaming av søknadar om fritak på kommunale avgifter.
  • Diverse grunnlag for utbetalingar som blir gjort manuelt, for eksempel festeavgifter.
  • Diverse fakturagrunnlag, for eksempel brøyting av private veger, utleigebygg osv.
  • Vidareutvikling av eige fagområde.
  • Andre relevante arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning innan økonomi/administrasjon på Universitet/høgskulenivå.
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet, etter ei konkret vurdering.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå økonomi og administrative oppgåver, og gjerne frå kommunal verksemd.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fagsystemet KomTek.
  • God systemforståing og kjennskap til program som Excel, Outlook, Word og Teams er ein føresetnad.
  • Høg fleksibilitet og vilje til å steppe inn på andre oppgåver innan kommunalområdet ved behov.
  • God evne til å kommunisere på nynorsk.
Personlege eigenskapar
  • Fleksibel, løysingsorientert, serviceinnstilit og har godt humør
  • Må kunne jobbe sjølvstendig, strukturert og saman med andre.   
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Kontaktinformasjon

Knut Olav Forgard, Kommunalsjef Økonomi og administrasjon, +47416 68 308

Arbeidssted

Sentrum 18
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024

Søk stillingen her!

Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal – står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.