Skip to content

Biblioteksjef – Ålesund kommune

  • by

Innbyggartorg og bibliotek, Kommunalområde Samfunn

Verksemd Innbyggjartorg og bibliotek er eit bindeledd mellom lokalmiljøa og den store kommunen. Vi arbeider tett på innbyggjarane og det frivillige. Verksemda består av bibliotek, frivilligsentral, innbyggarservice og rådhusdrift. Vi bidreg til å utvikle medborgarskap som ressurs.  Verksemda er ein del av kommunalområdet Samfunn.

Bibliotek:
Ålesundsbiblioteka består av 6 bibliotek, derav 3 folkebibliotek (Ålesund, Moa og Sjøholt), 2 kombinasjonsbibliotek (Skodje og Harøy) og eit fengselsbibliotek. Ålesund kommune er inne i eit spennande arbeid med å reetablere seg som ny kommune. Biblioteket har ei etterspurt rolle i mykje av utviklingsarbeidet. Det er arbeidd fram ein lokal bibliotekplan som skal innarbeidast i åra som kjem. I 2023 blei Ålesund Litteraturfestival gjennomført for første gong. Biblioteket er ein aktiv samarbeidspartner i festivalen.

Vi ser etter ein utviklingsorientert lagspelar som kan tenke heilskap, trivast i stadig endring, kan samarbeide på tvers og har evne til å leie kompetente fagfolk i drift og utviklingsarbeid.  Biblioteksjefen er ein av tre avdelingsleiarar i verksemd innbyggartorg og bibliotek, og vil inngå i leiargruppa for verksemda. Biblioteksjefen har også ei viktig utovervend rolle og må kunne kommunisere og samarbeide godt med brukarar, samarbeidspartnarar og media.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for den faglege leiinga av kommunen sitt samla bibliotektilbod.
  • Personalansvar og økonomiansvar i samarbeid med verksemdsleiar.
  • Styrke og marknadsføre bibliotektenesta i samsvar med nasjonale føringar og lokale planar.
  • Strategisk ansvar for utvikling og modernisering av folkebiblioteket, også som kulturarena, debattarena og møteplass.
  • Arbeidsstad er rådhuset i Ålesund, men vi legg vinn på å vere til stades ved dei ulike lokalitetane. Du må rekne med ein del reising. Du må disponere eigen bil, men kommunen kan også tilby bildelingsordning.
Kvalifikasjonar
  • Minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap og/eller andre relevante fag. Pedagogikk, sosialpedagogikk, kulturfag, medium og kommunikasjon, organisasjon og leiing er og relevant for stillinga. Kommunen legg vekt på kompetanse innan prosessleiing. Dersom du ikkje har bibliotekfagleg utdanning må du ha innsikt i, vere lydhøyr for og kunne bygge på denne kompetansen.
  • Du må ha  leiarkompetanse og kunne arbeide med og gjennom kvalifiserte medarbeidarar.  Du må kunne arbeide tverrfagleg og vere ryddig i personalarbeid. Det ligg administrative oppgåver og arbeid med fagsystem til stillinga.
  • Vi ser gjerne at du kan vise til resultat du har oppnådd i samspel med andre.
Personlege eigenskapar
  • Vi ønskjer oss ein engasjert, motiverande og samarbeidsorientert biblioteksjef med gode kommunikasjons- og samhandlingsevner. Vi ser etter kombinasjonen av å ha visjonar for arbeidet, gjennomføringskraft og evne til å arbeide strukturert. Du må ha mot og vilje til å stå i utviklings- og avklaringsprosessar med tilsette og brukarar av biblioteket.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
  • Ei spennande og viktig stilling i ein ny kommune og ei verksemd i utvikling
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon

Hege Steinsland, Verksemdsleiar, hege.steinsland@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune – Kommunalområde Samfunn

Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024

Søk her!

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.