Skip to content

100% prosjektstilling som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon – Ullensvang kommune

  • by

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert medarbeider for helsestasjonen vår og har behov for helsesjukepleiar i 100 % prosjektstilling. Stillinga vert ledig i eitt år, frå 1.juni 2025 med moglegheit for forlenging.

Ullensvang kommune vil styrka satsing på flyktning barn/unge og deira familie. Helsestasjonen har fått innvilga tilskot frå Helsedirektoratet for styrking og utvikling av førebyggjande og helsefremjande arbeid med flyktningar i helsestasjon og skulehelsetenesta.

Gjennom styrking og utvikling av tenesta for flyktningar, vil det gi auka tilgjengelegheit i helsestasjon og skulehelsetenesta for flyktningar, asylsøkjarar, EM-einsleg mindreårige flyktningarjjh og familiegjenforente.

Brenn du for å styrka den fysiske og psykiske helsa hjå flyktning barn og unge med deira familie, samt mindreårige flyktninger? Vil du være med på å forme eit framtidsretta og tverrfagleg samarbeid med andre instanser i kommunen, som gjer ein reell forskjell for denne målgruppa i Ullensvang kommune? Då kan dette vera stillinga for deg!

Ullensvang helsestasjon består av svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste for grunnskule og videregående skule og helsestasjon for ungdom – HFU i alder 0-23 år og deira familie. Kommunen tar i mot omlag 40 nye flyktninger per år. Me dekkjer eit stort område, med 5 helsestasjonar, 13 barnehagar, 10 grunnskular og ein vidaregåande skule.

Me ynskjer oss helsesjukepleiar som saman med dei tilsette på helsestasjonen kan bidra til å gje eit godt fagleg tilbod til flyktning barn og familier i Ullensvang. Me er ein helsestasjon som består av dyktige og engasjerte helsesjukepleiarar, psykolog, jordmødre, helsestasjonslege, fysioterapeut, barnekoordinator og helsesekretær, med tilsaman 25 tilsette.

Om stillinga

Stillinga ligg under oppvekst og utdanning, med organisatorisk plassering på helsestasjonen under verksemdsleiar for helsestasjonen.

Tilbodet vil ha eit familieperspektiv og tilby foreldrestøtte og rettleiing til foreldre.

Me samarbeider på tvers med andre tenester for å fremja kompetanseheving gjennom fag og rettleiing. Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr.

Ullensvang kommune legg vekt på å løyse utfordringar hjå barn og unge der dei faktisk oppstår, utan å måtte gå gjennom byråkratiske prosesser og silo-strukturer. Dette gjev oss moglegheit til å handle raskt og effektivt, og styrker vår evne til å tilby rett hjelp på rett plass og i rett tid.

Di rolle
Som helsesjukepleiar vil du ha ei sentral rolle i å styrka den fysiske/psykiske helsa til flyktning barn og unge. Du vil samarbeide tett med helsesjukepleiar, flyktninglege, kommunepsykolog, psykisk helse for barn/vaksne, verksemd for inkludering samt andre samarbeidspartar i kommunen. Gjennom tverrfagleg samarbeid, vil det sikre eit heilskapleg tilbod som møter flyktningbarn og unge sine behov på rett plass og til rett tid. Vi jobbar etter den tverrfaglege modellen «Betre tverrfagleg innsats» (BTI) og ynskjer å byggje videre på denne strukturen. Modellen skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.

Hjå oss ynskjer me å utvikle og forbetre oss og søkjer nettopp deg i vårt fantastiske team.

Me ynskjer primært helsesjukepleiar, men oppmodar også sjukepleiar og vernepleiar å søkje på stillinga.

Oppgåver og innhald for stillinga vert utarbeida i samarbeid med verksemdsleiar, men aktuelle oppgåver vil være:

Helseundersøking av asylsøkjar, flyktning, midreårige flyktninger og familiegjenforente for å kartlegge helsetilstand og eventuelle behov for psykisk og/eller somatisk oppfylging

Utarbeide faste tverrfagleg samarbeidsarena med helse/inkludering

Evaluere og rapportere på framdrift

Kvalifikasjonar:

Godkj. helsesjukepleierutdanning / sjukepleier / vernepleiar ved tiltredelse

Utdanning og erfaring med barn og unge

Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta

Arbeid retta mot flyktning barn og unge

Gode kunnskapar om relevant lovverk og nasjonale føringar

Norsk kunnskapar B2

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

Høg grad av sjølvstendigheit

Personleg eigeskapar vert vektlagd

Erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid med barn og unge

Utdanning og erfaring med barn og unge

Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta

God forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid

Kompetanse eller erfaring med rettleiing

Evne til å samarbeide og kommunisere med ulike samarbeidspartnarar og målgrupper

Er positiv, strukturert, fleksibel og løysingsorientert

God tålmod og forståelse i møte med flyktningbarn for tilpassing i eit nytt land

Bidreg med eit godt tilbod til barn og unge med deira familie

Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta

Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø

Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig

Er organisert, strukturert og har gode kommunikasjonsevner

Norsk kunnskapar B2

Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil

Me tilbyr:

Løn etter lov- og avtaleverk

Varierte arbeidsoppgåver

Medlemskap i pensjonsordning – KLP

Ein spanande og utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og omsorgsfulle kollega

Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Gode velferdsordningar

Løn etter avtale

Andre krav:

Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest

Førarkort klasse B

Gode IKT kunnskaper

Godkjent Tuberkulinstatus

Å ha eit arbeidsmiljø som er prega av mangfald er ynskja og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden ellers. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Kontaktperson for stillingen

Torbjørg Krogh Larsen
Mobil: +47 91140736
E-post: torbjorg.krogh.larsen@ullensvang.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 08.06.2025

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ?

Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!