Skip to content

100% vikariat som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon – Ullensvang kommune

  • by

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert helsesjukepleiar for helsestasjonen vår og har behov for helsesjukepleiar i 100 % vikariat stilling for eit år. Stillinga vert ledig frå 1.juni 2025 med stor moglegheit for forlenging.

Ullensvang helsestasjon består av svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste for grunnskule og videregående skule og helsestasjon for ungdom – HFU i alder 0-23 år og deira familie. Det er omlag 100 fødslar årleg i kommunen, der me dekkjer eit stort område med 5 helsestasjonar, 13 barnehagar, 10 grunnskular og ein vidaregåande skule.

Dei tilsette har høg kompetanse og eit stort engasjement. I Ullensvang har me fokus på tverrfagleg og heilheitlege tenester, som kan tilby rask og god hjelp. Dette inneber tett samarbeid med både 1. og 2. linjetenesta.

Me ynskjer oss helsesjukepleiar som saman med dei tilsette på helsestasjonen kan bidra til å gje eit godt fagleg tilbod til barn og familier i Ullensvang. Me er ein helsestasjon som består av dyktige og engasjerte helsesjukepleiarar, sjukepleiar, psykolog, jordmor, helsestasjonslege, fysioterapeut, ergoterapeut, barnekoordinator og helsesekretær med tilsaman 25 tilsette.

Stillinga inngår helsestasjons- og skulehelsetenesta for born og unge i alderen 0-23 år og deira foreldre. Flyktningarbeid vil også være ein del av arbeidet og det vil være eit tett samarbeid på tvers med andre tenester, som til dømes verksemd for Inkludering, lege, psykisk helse for born/vaksne med fleire.

Ullensvang helsestasjon er med på å medverka at gravide, barn, unge og deira familiar mestrer eigen kvardag. Helsestasjonen er under arbeid med å verta godkjend ammekyndig helsestasjon gjennom Nasjonalt kompetansesenter for amming. Helsesjukepleiarane er vertifisert og nyttar ulike verkty som EPDS, ASQ, ASQ SE, ADBB, EPDS, COS P og NBO for støtte og rettleie nybakte foreldre. I skulehelsetenesta er dei tilsette vertifisert i kognitiv adfersterapi for angstlidingar/symptomer kalla “Cool kids”. Ullensvang kommune nyttar BTI – Betre Tverrfagleg Innsats som modell. Modellen skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.

Me samarbeider på tvers med andre tenester for å fremja kompetanseheving gjennom fag og rettleiing. Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr.

Hjå oss ynskjer me å utvikle og forbetre oss. Søkjer nettopp deg som helsesjukepleiar i vårt fantastiske team.

Oppgåver og innhald for stillinga vert utarbeida i samarbeid med verksemdsleiar, men aktuelle oppgåver vil vera:

Helsestasjon / skulehelseteneneste med nært samarbeid med fagleiar og kommunen sitt støttesystem i helsestasjon / skulehelsetenesta / oppvekst

Krav til kompetanse:

  • Godkj. helsesjukepleierutdanning / sjukepleier ved tiltredelse
  • Utdanning og erfaring med barn og unge
  • Kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Arbeid retta mot barn og unge
  • Gode kunnskapar om relevant lovverk og nasjonale føringar
  • Norsk kunnskapar B2

Personlege eigenskapar:

  • Har evna til å arbeida sjølvstendig, i team og tverrfagleg
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Er positiv, fleksibel og engasjert
  • Bidreg med eit godt tilbod til barn og unge med deira familie
  • Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta
  • Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
  • Er organisert, strukturert og har gode kommunikasjonsevner

Me ynskjer primært helsesjukepleiar, men oppmodar også sjukepleiarar å søkje på stillinga. Personleg eigeskapar vert vektlagd.

Andre krav:

  • Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest
  • Førarkort klasse B
  • Gode IKT kunnskaper
  • Godkjent Tuberkulinstatus

Me tilbyr:

  • Løn etter lov- og avtaleverk
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Medlemskap i pensjonsordning – KLP
  • Dyktige og omsorgsfulle kollega og eit godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
“Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Kontaktperson for stillingen

Torbjørg Krogh Larsen
Mobil: +47 91140736
E-post: torbjorg.krogh.larsen@ullensvang.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 08.06.2025

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ?

Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!