Skip to content

Lærar på vaksenopplæringa – vikariat frå 27.10. 25 – 31.07.26 – Nissedal kommune

  • by

Vi har eit svangerskapsvikariat som lærar i 83,5% stilling ved vaksenopplæringa i Nissedal kommune frå 27.10.25 til 31.07.26.

Vaksenopplæringa er samlokalisert med integreringskoordinatorane, og saman utgjer desse avdeling for integrering.

Vaksenopplæringa i Nissedal har norskkurs for nybegynnarar og vidarekommande opp til B1-nivå.

Kursa er på ulike nivå og med ulik framdrift.
Undervisninga skjer hovudsakeleg på dagtid måndag, tysdag og onsdag. Vi fylgjer grunnskulen si skulerute.

Hovuddelen av tenesta er retta inn mot nyankomne flyktningar til kommunen, men har og opplæring retta mot førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne, samt opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne.

Avdelinga er ei lita avdeling med fem tilsette. Det er godt arbeidsmiljø og spennande samarbeid mellom vaksenopplæring og integreringskoordinatorane.
Avdeling for integrering har lokaler i bygget til Prix i Treungen sentrum.

Vi kan vere hjelpsame med annan stilling innen eining for oppvekst og kultur frå 01.08.25 for at stillinga skal følgje skuleåret.
Du må då vere villig til å vere vikar innan barnehage og skule i den perioden, før oppstart på vaksenopplæringa 27.10.

Arbeidsoppgåver
  • Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne flyktningar
  • Førebuande- og vidaregåande opplæring for vaksne, i samarbeid med habiliteringstenesta
  • Kartlegging, differansiering og oppfølging av elevane
  • Samarbeide med integreringskoordinatorane, Nav, PPT, m.fl.
  • Individuell opplæringsplan og årsrapport ved spesialundervisning, samt tett kontakt med habiliteringstenesta (Kåsa)
  • Stillingsomtale er utarbeida
Kvalifikasjonar
  • Naudsynt pedagogisk utdanning til å undervise i norsk, jf. krav i forskrift til opplæringslova  § 12-1
  • Erfaring frå undervisning, spesielt med vaksne elevar, er ein stor fordel
  • Evne til å bruke digitale verktøy i undervisninga er stadig viktigare, spesielt i vaksenopplæring
  • Du må ha god språkkompetanse og kjennskap til norsk språk og kultur. 
Personlege eigenskapar
  • Kommunikasjonsevne: Evne til å kommunisere klart og effektivt med vaksne elevar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar 
  • Empati og forståing: Evne til å forstå og støtte elevar med ulike bakgrunnar og læringsbehov
  • Tålmodigheit: Evne til å vere tålmodig og støttande, spesielt når elevar møter utfordringar
  • Tilpassingsdyktigheit: Evne til å tilpasse undervisningsmetodar og materiale til ulike læringsstilar og behov
  • Engasjement og entusiasme: Evne til å inspirere og motivere elevar gjennom engasjement og entusiasme for faget
  • Samarbeidsevne: Evne til å jobbe godt i team og samarbeide med heile avdelinga for integrering
  • Refleksjonsevne: Evne til å reflektere over eigen praksis og kontinuerleg søke å forbetre undervisninga
Vi tilbyr
  • Eit spennande stilling i møte med nye menneskje med spennande historier
  • Samfunnsengasjement! I denne jobben bidreg du til samfunnsutvikling. Du får ein unik sjanse til å gjere ein forskjell i vaksne elevar sitt liv.
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon

Reidun Carol Retterholt, Kommunalsjef for oppvekst og kultur, +47 95921972

Arbeidsstad

Treungvegen 378
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 4978886965
Stillingsprosent: 83,5%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 07.07.2025

Søk her!

Nissedal kommune

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!