Interkommunalt PPT er ei teneste for kommunane Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda. Ulstein er vertskommune og kontorstaden er Ulsteinvik. Kontoret har no 24 tilsette.
Pedagogisk psykologisk teneste arbeider med førskuleborn, elevar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksne.
PPT skal hjelpe skulane og barnehagane med kompetanseheving, organisasjonsutvikling og endringsleiing for å utvikle gode læringsmiljø og tilpasse opplæringa betre for alle elevar og born. PPT har eit særleg ansvar for å samarbeide med og rettleie skulane og barnehagane på tiltak for elevar og born som har særlege behov. PPT er kommunen sin sakkunnige instans på område i barnehagelova og opplæringslova og utarbeidar sakkunnig vurdering der lova krev det.
Vi søkjer leiar for tenesta i 100% stilling.
Som leiar for interkommunalt PPT har du ansvar for at tenesta er tilgjengeleg, fagleg kompetent og utviklande.
Arbeidsoppgåver
- Fag, personal- og økonomiansvar.
- Administrativ leiing og utvikling av PP-tenesta.
- Sikre og utvikle godt samarbeid med tenestemottakarar, og interne og eksterne samarbeidsaktørar.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein leiar som har:
- relevant utdanning for fagfeltet
- leiarutdanning og/eller leiarerfaring
- erfaring frå skule/barnehage
- god norskkunnskap skriftleg og munnleg
- eit reflektert forhold til PPT sitt oppdrag som rettleiar på system og individnivå
- kunnskap om barnehage, grunnskule og vaksenopplæring med tilhøyrande lovverk
- god økonomiforståing
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
- Er løysingorientert og har evne til å ta slutningar og gjennomføre
- Utviklingsorientert, strukturert og tydeleg
- Samlande og trygg, med evne til å engasjere og involvere personale og samarbeidsaktørar
- Blikk for barn, unge og deira utviklingsmuligheiter
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Ein spanande og variert arbeidskvardag med dyktige og kjekke medarbeidarar
- Gode høve for fagleg utvikling og nettverksbygging
- Leiarstøtte frå fagstab og interne tenester
- Tilsetting i samsvar med gjeldande avtaleverk
- Løn etter avtale
- Stillinga er underlagt reglement for kommunal fleksitid
Kontaktinformasjon
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 4962055845
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Søk her!

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.