Er du opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Våge barnehage søkjer etter barnehagelærar til eit 100 % vikariat for barnehageåret 2025/26. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn.
Som barnehagelærar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil i samarbeid med pedagogisk leiar ha ansvar for at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Barnehagelærar har i denne stillinga moglegheit for å bli tilsett som pedagogisk leiar frå 1. september 2025.
Ho oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar, eller anna relevant treåring pedagogisk høgskuleutdanning
- Gode norskkunnskapar – både skrifteleg og munnleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest
- Barne- og ungdomsarbeidar kan og søkje, då det blir vurdert å tilsetje i fagarbeidarstilling dersom vi ikkje får høgskuleutdanna søkjarar
Om deg
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Kontaktperson
Kristin Hellebust Strømberg
Mobil: +47 99518177
E-post: Kristin.Hellebust.Stromberg@fjaler.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsfrist: 03.08.2025

Våge barnehageligg ytst i Fjaler. Barnehagen har heilt nye lokale like ved Våge skule. Vi har eit allsidig opparbeidd uteareal, og avstandane er korte til skog, sjø og Våge ballpark. I Våge barnehage er vi opptatt av alle skal ha det bra ilag, vi skal være «Ein stad der vi skapar vennskap og god minner». Barnehagen har to avdelingar: Blåbær er storbarnsavdeling med 12 plassar og Tytebær er småbarnsavdeling med 7 plassar.