Solund kommune er ein øykommune ytterst i Sognefjorden, samansett av øyer og holmar. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke, der vi har samla våre helsetenester. I Solund verdset vi kvilepuls – men i ein variert og spennande arbeidskvardag kan det òg vere godt å kjenne at pulsen slår litt ekstra.
Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling som assisterande leiar ved Solundheimen. Solundheimen har 19 plassar i tillegg til ei KAD-seng. Som assisterande leiar vil du ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste. Du vil vere ei støtte for leiar og bidra til effektiv drift og høg kvalitet i tenestene – rett og slett vere «høgre handa» til leiaren.
Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som er interessert i ansvar og leiing. Du vil gå i turnus, hovudsakleg dagtid i vekene, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er ei kombinasjon av kontorarbeid og arbeid i tenestene.
Arbeidsoppgåver:
- Støtte leiar: Bidra til at tenestene vert drivne effektivt og profesjonelt, og vere til stades ved leiars fråvær.
- Kulturbygging: Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv, profesjonell kultur.
- Planlegging og struktur: Hjelpe til med vaktplanlegging, handtering av sjukefråvær og sikre trygge og føreseielege rammer.
- Fagleg ansvar: Vere ein trygg og oppdatert sjukepleiar som sikrar fagleg forsvarleg drift.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Gode kommunikasjonsevner
- Gjerne leiarerfaring eller leiarutdanning men det er ikkje eit krav
- Evne til å takle omstilling og hektiske periodar
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg miljø
• Løn etter tariff med lokalt tillegg på kr. 27 000,- per år.
• Hjelp til å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle
• Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
• Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat
• Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.
• I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her
Kvifor velje Solund?
Dette er stillinga for deg som ønskjer å jobbe i eit lite samfunn med ein mindre institusjon. Som sjukepleiar i Solund kommune får du tid til å bli godt kjent med brukarane. Arbeidskvardagen kan vere travel, men i Solund får du tid til å gjere ein god jobb – og i den siste medarbeidarundersøkinga svarte sjukepleiarane at dei i større grad enn landssnittet opplever å kunne hjelpe brukarane sine.
Frå 2026 får du i tillegg sletta 25 000 kroner av studielånet ditt etter eitt år i Solund. Les meir om ordninga [her].
På fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om vi er ein liten kommune, har vi mykje å by på.
Praktisk informasjon:
Ved tilsetjing må du leggje fram politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) og utfylt MRSA-skjema. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom du ønskjer unntak frå offentleggjering, må det grunngjevast. Du vil i så fall bli kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Høyrest dette spennande ut? Då håpar vi du søkjer! Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med Ingelin – leiar for sjukeheim og heimetenester. Ho gler seg til å høyre frå deg!
Kontaktpersonar:
Ingelin Stølen Stilling: Leiar tlf: +47 459 74 005
Mette Lindstrøm Stilling: Personalmedarbeidar mob: +47 97407792
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsfrist: 09.11.2025
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
