Nissedal kommune
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.
Arbeidsoppgåver
– Fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelinga
– Leie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø
– Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting
– Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester
– Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar
– Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutvikling
Kvalifikasjonar
– Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag
– Leiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg
– God innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverk
– Gode digitale ferdigheiter
– God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
– Vi ser etter deg som:
– Er ein tydeleg og inkluderande leiar
– Har evne til å motivere og skape engasjement
– Er strukturert og handterer ein travel kvardag godt
– Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
– Er løysingsorientert og utviklingsretta
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
– Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
– Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester
– Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Kontaktinformasjon
Hannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619
Arbeidsstad
Treungvegen 398
3855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Foto Nissedal kommune
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
For å søke, besøk: candidate.webcruiter.com.
