Driftsleiar reinhald, 100% fast – Gulen kommune

Gulen kommune

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som driftsleiar reinhald, med oppstart snarast/etter avtale.

Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me er 24 tilsette som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta. Stillinga har i utgangspunktet oppmøtestad ved kommunehuset i Eivindvik, men anna kontoroppmøtestad ved andre kommunale bygg kan vurderast. Arbeidsstad for stillinga er i heile Gulen kommune ved våre kommunal bygglokasjonar.Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god reinhaldskvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.

  • Fagansvar og arbeidsleiing for reinhaldarane i kommunen
  • Effektiv forvaltning og utvikling av reinhaldstenestene og reinhaldsteamet
  • Ansvar for opplæring og rettleiing av reinhaldspersonell og andre innan ansvarsområdet
  • Følge opp og oppdatere reinhaldsplanar
  • Følge opp reinhaldstenester frå eksterne leverandørar, inkludert bruk av vikarar ved behov
  • Tett samarbeid, oppfølging og koordinering med interne brukarar
  • Bistå i innkjøp og prosjekt ved behov
  • Administrasjon og fakturahandsaming
  • Gjennomføre internkontroll og sikre etterleving av HMS-krav
  • Følge opp og handsame behov og avvik i FDVU-systemet
  • Operativt reinhaldsarbeid ved behov med inntil 50% av stillinga
  • Andre oppgåver som måtte kome til
  • Fagbrev som reinhaldsoperatør eller tilsvarande
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Ynskjeleg med erfaring frå det å ha fagansvar
  • Kjennskap til INSTA 800
  • Har grunnleggande datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Krav om førarkort kl B
  • Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
  • Du må være teamorientert og kunne samarbeide tverrfagleg
  • Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
  • Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Er initiativrik og likar å halda deg fagleg oppdatert
  • Trivst med fysisk arbeid i kombinasjon med administrative oppgåver
  • Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen

Søknadsfrist: 30.11.2025

Søk her!

Foto: Mariann Opdal Elde

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

For å søke, besøk: www.jobbnorge.no.

Scroll to Top
Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!