Helsefagarbeidar 100 % fast – Fyresdal Pleie- Og Omsorgssenter – Fyresdal kommune

Fyresdal kommune

Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!Vi har legevakt i kommunen 24/7. Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon.

Personlege eigenskapar
  • Løysingsorientert og viser initiativ
  • Nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
  • Positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
  • Tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Arbeidsoppgåver
  • Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
  • Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
Vi tilbyr
  • Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen – Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
  • Kommunen har løpande inntak til barnehageplass

Tilsettingsvilkår:

  • Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • Teieplikt
  • Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting
Kontaktperson for stillingen

Gry Synøve Åmlid – Avdelingsleiar POS
Mobil: +47 35067188

Søknadsfrist: 25.10.2026

Søk her!


Foto Fyresdal kommune

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon — og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.

For å søke, besøk: 5845.webcruiter.no.

Scroll to Top
Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!