HR-rådgjevar – Fyresdal kommune

Fyresdal kommune

Vi søker ein engasjera og faglig sterk HR-rådgjevar som ynskjer å vere ein god støttespelar for leiarane og tilsette. Stillinga er sentral i kommunen sitt arbeid med personalforvaltning, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling og inneber eit nært samarbeid med leiarane,tillitsvalgte og vernetjenesta.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

– Er trygg i rådgjevarrolla og bygger gode relasjoner
– Er strukturert og har god gjennomføringsevne
– Evner å handtere både operative og strategiske oppgåver
– Er løsningsorientert og sjølvstendig
– Har høg grad av integritet og rolleforståing
– Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Arbeidsoppgåver

– Veilede og støtte leiarane i personal- og HR-relaterte spørsmål
– Saksbehandling innan arbeidsrett, personalforvaltning og HMS
– Bidra i oppfølging av sjukefravær, arbeidsmiljø og medarbeiderutvikling
– Delta i forebuing og gjennomføring av drøftings- og medråderettsmøte
– Bidra til godt samarbeid med tillitsvalgte og vernetjenesta
– Utarbeide og følge opp rutiner, retningsliner og personalpolitiske tiltak
– Delta i rekrutteringsprosessar og onboarding av nye medarbeiderar
– Bidra i organisasjonsutvikling og forbedringsarbeid
– Andre HR-relaterte oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

– Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon og/eller leiing
– Erfaring fra operativt og strategisk HR-arbeid, rådgjeving og saksbehandling
– Kunnskap om lov og avtaleverk og offentleg forvaltning
– God skriftleg og munnleg framstillingsevne
– God digital kompetanse

Vi tilbyr

– Ein spanande og variera HR-stilling med stor grad av sjølvstendighet
– Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjera kollegaer
– Mogleghet til å påvirke utviklinga av kommunen som organisasjon
– Faglege utviklingsmogleghetar
– Løn etter avtale og offentleg pensjonsordning

Kontaktperson for stillingen

Ulf Pedersen – Kommunedirektør
Mobil: +47 48275315

Søknadsfrist: 09.11.2026

Søk her!


Foto Fyresdal kommune

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon — og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.

For å søke, besøk: 5845.webcruiter.no.

Scroll to Top
Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!