Ledig vikariat for ergoterapeut – Ulvik herad

Ulvik herad

Om stillinga Stillinga er organisert som del av tildelingskontoret i Ulvik herad. Det er to stillingar på tildelingskontoret. Stillinga rapporterer til leiar for heimebaserte tenester, og er del av eit flott arbeidsmiljø ved Ulvik omsorgstun.
Arbeidet er delt mellom ca. 40% sakshandsaming, og 60% arbeid som ergoterapeut. Arbeidet er sjølvstendig og du kan i stor grad styre eigen kvardag.

Oppstart snarast.
1 års vikariat fram til sommaren 2027, men moglegheit for forlenging.

Oppgåver

Kjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter helse- og omosorgstenestelova, sakshandsaming og drift av lokalt hjelpemiddellager, arbeid med individuell plan og koordinerande eining, individuell oppfølging med pasientar, tverrfagleg arbeid.

 Ynskja kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå kommunehelseteneste er ønskjeleg
  • Kompetanse eller erfaring med forvaltningsrett og sakashandsamning etter helse- og omosrgstenestelova.
  • Gode IT-ferdigheiter

 Personlege eigenskaparMe søkjer ein person som er sjølvstendig og ryddig i arbeidet. Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne og samarbeide godt tverrfagleg.

Me kan tilby–        Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar

–        Kontorplass i moderne lokalar ved i Ulvik omsorgstun

–        Mobiltelefon og PC

–        Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer

 Om arbeidsgjevarHelse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn

Kontaktperson:

Torstein Kvåle Hellesnes – Kommunalsjef helse og velferd
Mobil: +47 40007136
E-post: torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 05.07.2026


Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana. Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det. Ny barnehage opnar hausten 2027. Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt. Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk. vikallar.no

For å søke, besøk: ulvik.easycruit.com.

Scroll to Top
Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!