Fyresdal kommune
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha forståing og respekt for å jobba i andres heim
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig
- Vere ansvarsfull, punktlig og stabil
- Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
- Har stor arbeidskapasitet
- Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon
- Likar utfordringar
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og praktisk bistand i dagleglivet ut frå den enkelte sine behov og vedtak
- Miljøarbeid og målretta oppfølging
- Leggje til rette for aktivitet, meistring, sjølvstende og deltaking
- Observere endringar i helse og funksjonsnivå og følgje opp dette etter gjeldande rutinar
- Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar, når nødvendig opplæring er gjennomført og kompetanse er vurdert
- Dokumentasjon og oppfølging av tiltak og planar
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og aktuelle fagpersonar
- Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta når det er behov for det
- Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver som naturleg høyrer til tenesta
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanningsbakgrunn er ønskjeleg.
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming eller andre funksjonsvariasjoner er ein fordel
- Erfaring frå miljøarbeid er ein fordel
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Du må kunne bruke digitale arbeidsverktøy
- Førarkort klasse B
Vi tilbyr
- Medleverturnus med lengre arbeidsperiodar og lengre friperiodar
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling og opplæring
- Kommunale tilsettingsvilkår og god pensjonsordning
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
Tilsetjingsvilkår
- Tilsetting skjer i samsvar med Fyresdal kommune sine personalpolitiske retningsliner, gjeldande lov- og avtaleverk.
- Seks månadar prøvetid
- Krav om politiattest før tiltreding
- Teieplikt etter gjeldande regelverk
Kontaktperson for stillingen
Eirin Dalen – Avdelingsleiar TTF
Mobil: +47 93254401
Søknadsfrist: 01.11.2026

Foto Fyresdal kommune
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon — og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
For å søke, besøk: 5845.webcruiter.no.
