Rådgjevar plan og forvaltning – Hjelmeland kommune

Hjelmeland kommune

Plan og forvaltning i Hjelmeland kommune har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar.
Seksjonen vår dekker fagområda plan, byggesak, geodata, landbruk og miljø, og me har god kompetanse på plass. Nå treng me ein til på laget, og er på jakt etter deg som har pågangsmot og innsatsvilje.
Me tilbyr eit raust, humørfylt og hektisk arbeidsmiljø med eit breitt tilfang av arbeidsoppgåver. Me spelar på lag med resten av kommuneorganisasjonen.

Det er ønskjeleg med oppstart i stillinga så snart som mogleg.

Ansvar og arbeidsoppgåver
For tida vil arbeidsoppgåvene vera:
– byggesakshandsaming
– landbruksforvaltning
– andre relevante oppgåver innan kommunal forvaltning og lokalsamfunnsutvikling

Kvalifikasjonar og vilkår
– relevant utdanning frå universitets-/høgskulenivå innan til dømes landbruksfag, juss eller plan- og byggesak

Me ønskjer også at du kan kryssa av på flest mogleg av desse:
– erfaring med byggesak frå privat og/eller offentleg sektor
– kjennskap til plan- og bygningsrett
– kjennskap til tilskotsordningar og regelverk knytt til landbruket
– førarkort klasse B
– krav om god norskkompetanse både skriftleg og munnleg, B2 (skriftleg og munnleg)

Me søkjer etter ein person som
– har gode samarbeidsevner
– kan kommunisera godt både skriftleg og munnleg
– har godt humør
– er ein lagspelar, men som også kan jobba sjølvstendig

Arbeidsoppgåven kan og vil forandra seg, så det er anudsynt at du er løysingsorientert og fleksibel.

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr
– konkurransedyktig lønn
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– spennande og varierte oppgåver
– fleksibel arbeidstid
– eit triveleg og dynamisk arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i ein aktiv og allsidig bygdekommune
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
– gratis barnehage

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Kontaktperson:

Torborg Kleppa
Mobil: 40439123

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 18.05.2026


Hjelmeland kommune

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

For å søke, besøk: hjelmeland.easycruit.com.

Scroll to Top
Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!