Sjukepleiar 100 % fast stilling, 2. gongs utlysning – Hjelmeland kommune

Hjelmeland kommune

Er du sjukepleiar og har lyst på nye utfordringar?

Me søkjer ein engasjert og omsorgsfull sjukepleiar i 100 % fast stilling ved Hjelmeland omsorgssenter med tiltreding frå medio juni. Hos oss får du vere med og bidra til trygge og gode tenester for brukarane våre, i eit arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, respekt og fagleg utvikling. Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.

Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar, inkludert ØHD plass og heimetenesta. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar.

Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.

Me søkjer etter ein person som
– bidrar aktivt til eit godt miljø
– kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
– har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
– er positiv og motivert
– er fleksibel og løysningsorientert
– fagleg trygg og i stand til å handtere uføresette situasjonar
– er nøyaktig og kan handtere travle dagar

Arbeidsoppgåver
– delta i stell, pleie og daglege gjeremål
– oppgåver ut i frå fagkompetanse (legemiddelhandtering, primærkontakt funksjon).
– observasjonar og dokumentasjonsarbeid
– handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger
– ivareta brukarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar
– norsk autorisasjon som sjukepleiar
– søkjarar med annan relevant kompetanse kan òg søkje
– språkkrav minimum B2 nivå
– førarkort klasse B

Me tilbyr
– godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
– gratis barnehage

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Kontaktperson:

Mona Krogevoll
Mobil: 40439090

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 03.05.2026


Hjelmeland kommune

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

For å søke, besøk: hjelmeland.easycruit.com.

Scroll to Top
Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!