Solund kommune
Solund kommune søkjer ny tilsett ved servicekontoret. Servicekontoret handtere ein rekke tenester mot innbyggjarar og resten av kommuneorganisasjonen. Vi ser etter deg som særleg kan bidra innanfor områda arkiv og heimeside, men du vil også kome innom andre oppgåver på servicekontoret som å handtere henvendingar frå innbyggjarar per telefon eller i skranken på kommunehuset.
Vi ser difor etter deg som er både nøyaktig og serviceinnstilt. Du er oppteke av at informasjon vert bevart og formidla på ein ordentleg måte og du har gjerne fagbrev innan service- og administrasjonsfaget. Også anna utdanning kan vere aktuelt, og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Vi nyttar programvare frå Acos som WebSak og Interact, erfaring med dei vil vere ei føremon men er ikkje eit krav då du vil få opplæring.
Vi tilbyr:
- Variert, tverrfagleg samarbeid
- Løn iflg. tariff
- Kjekke kollegaer
- Fleksitid
- I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
Om dette verkar spanande slå gjerne på tråden til stabsleiar Amund. Han gler seg til å høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.
Kontaktperson: Amund Aglen tlf: +47 404 92 908
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsfrist: 17.11.2025
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
For å søke, besøk: solund.easycruit.com.
