Skip to content

Ledig stilling som saksbehandlar på tenestekontoret – Nissedal kommune

  • by

Ein av våre dyktige saksbehandlarar skal over i anna stilling og me søker difor hennar etterfølgar på tenestekontoret. I Nissedal kommune har me som mål at tenestetildelinga skal tildelast etter prinsipp om riktige tenester til rett brukar til rett tid. Formålet er å sikre innbyggarane heilskaplege, tverrfaglege og likeverdige tenester. Tenestene som vert tildela har som mål å bidra til å utvikle og ivareta dagleglivets utfordringar med utgangspunkt i kva som er viktig for den enkelte. 

Tenestekontoret ligg under einingsleiar velferd og du vil inngå i eit tverrfagleg team saman med demenskoordinator, kreftkoordinator og ergoterapeut. 

Arbeidsoppgåver
  • Saksbehandling av søknader om helse og omsorgstenester etter gjeldande lovgjeving
  • Utgreie og gjennomføre kartleggingar av behov for helse og omsorgstenester
  • Bidra til heilskapleg og berekraftig forvaltning av einingas tenester
  • Klagesaksbehandling
  • Bidra til utvikling og forbetringsarbeid innanfor forvaltningsområdet
  • Rettleie og informere brukarar, pårørande og utførarar av tenestene
  • Ansvar for blant anna velferdsteknologi og tryggleiksvarsling, fakturere/eigen betaling, individuell plan og systemansvarleg
  • Yte bistand til leiargruppa innan rapportering
Kvalifikasjonar
  • Relevant helsefagleg høgskuleutdanning som t.d sjukepleiar, vernepleiar ol.
  • Ønskeleg med saksbehandlarkompetanse/ juridisk kompetanse, gjerne vidareutdanning i sakshandsaming/ helserett
  • Relevant og solid erfaring frå kommunehelsetenesta
  • Erfaring og forståing for heilskapleg tenestemodell
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar

Me vektlegg personlege eigenskapar som:

  • Evne til å utføre oppgåver sjølvstendig og strukturert
  • Evne til tydeleg kommunikasjon/ dialog på ein måte som bidreg til gode relasjonar med innbyggjarar og samarbeidspartnarar
  • Inneha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Meistre ein variert og hektisk kvardag
  • Høg arbeidsmoral
  • Nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenester og arbeidsmiljø
Me tilbyr:
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar
  • Mogelegheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
Anna:
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i samsvar med offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Kontakt:

Einingsleiar velferd – Hannelore Skeimo
Telefon 35 04 84 13
Mob. 92 46 26 19
Send e-post

Send søknad på elektronisk søknadsskjema – Id 2024/104

Søknadsfrist 11.03.24 (forlenga frist)

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.