Skip to content

Rektor til Knarvik ungdomsskule – Alver kommune

  • by
Om stillinga

Knarvik ungdomsskule ser etter ein utviklingsorientert leiar som er oppteken av å skape eit trygt, inkluderande og framtidsretta skulemiljø, samt ein skulekultur der alle dreg i same retning. Som rektor er du dedikert, tydeleg og visjonær med erfaring frå utviklingsarbeid og skuleleiing, og har evna til å leie utviklinga av heile profesjonsfellesskapet, leiarteamet og den enkelte medarbeidar.

Vil du ha denne arbeidskvardagen? Då er dette jobben for deg!

I Alver kommune har rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Felles visjon for skulane er;

Alverskulen; Ein plass for alle – læring og meistring  i fellesskap.

Om Knarvik ungdomsskule

Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 60 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Skulen er ein MOT skule og har som overordna mål å skape ein trygg og god skulekvardag for alle elevane våre.

Arbeidsoppgåver

Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: “Trygge barn som deltar, meistrar og lærer.”

Som skuleleiar skal du også:

– Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
– Vere nytenkande i korleis nytte skulen sine samla ressursar som sikrar god elevtilpassa undervisning
– vidareutvikla eit trygt, varmt og inkluderande læringsmiljø
– drive personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
– forvaltning og kvalitetsutvikling.
– økonomistyring og resultatkontroll.
– ha samspel med elevar, foreldre og nærmiljø.
– ha tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kvalifikasjonskrav

Kompetanse
• Opplæringslova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må være oppfylt.
• Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg.
• God system- og rolleforståing
• Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
• Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
• Erfaring som leiar frå skule, fortrinnsvis som rektor.
• Ønskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskulen
• God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
• Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk

Personlege eigenskapar
• Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
• Evne til å være tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og foreldre.
• Du har gode samarbeidsevner, og er løysningsorientert
• Evne til å jobbe strategisk, systematisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant anna LK20 og inkluderande skulemiljø.
• Kunne motivere og inspirere elever og tilsette, vere ein god relasjonsbyggjar.
• Personlege eignenskapar vert tillagt stor vekt.

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

• Eit fagleg dyktig kollegium.
• Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
• Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
• Mentorordning
• Leiaropplæring
• Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!

Kontakt:
Ingvild Moen Tenesteleiar skule
Mobil: 45355261
E-post: ingvild.moen@alver.kommune.no

Søk stillinga

Søknadsfrist: 20.03.2024

https://www.alver.kommune.no/

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.