Skip to content

Barnehagestyrar Nipa barnehage – 100% vikariat – Askvoll kommune

  • by

Grip sjansen til å forme morgendagens heltar – Bli barnehagestyrar hjå oss og led vegen med leik, læring og livslang utforskning!

Nipa barnehage ligg på Atløy i Askvoll kommune, omlag 20 minutt med bil og ferje frå Askvoll sentrum. Barnehagen er samlokalisert og samarbeider med Atløy skule. Vi har eit flott uteområde med variert terreng, skog, bakkar og leikeapparat. Vi går tur i nærområdet og nyttar også skulen sitt uteområde. Vi har fokus på kvalitet i relasjonen til barnet, og er der med i regionalt kompetanse- utvikling i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Barnehagen er godkjent for barn i alderen 1-6 år og vil komande barnehageår ha omlag 20 plassar i bruk. 

Vi har barnehageåret 2024-25 ledig full stilling som vikar for styrar/pedagogisk leiar i Nipa barnehage. Styrardelen utgjer for tida 60% av stillinga.

Arbeidsoppgåver

Styrar har hovudansvar for heile barnehagen i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, herunder: Lov om barnehage, Rammeplan for barnehage og Askvoll kommune sine styringsdokument og vedtak som er gjeldande for barnehagar. Styrar er arbeidsgivar sin representant på arbeidsplassen, og pliktar å vere lojal overfor arbeidsgjevar sine vedtak og avgjerder. Styrar har hovudansvar for utvikling og endringsarbeid i barnehagen. Styrar har ansvar for vidareutvikling av sin faglege kompetanse og å nytte denne i det daglege og langsiktige arbeidet.

Styrar arbeider i nettverk med dei 4 andre barnehagestyrarane i kommunen, og deltek også aktivt i kvalitets- og leiarutvikling i samarbeid med fire andre kommunar i regionen. I Askvoll er det politisk vedteke at det skal vere to pedagogar per avdeling.

Kvalifikasjonar

Askvoll kommune legg vekt på styrar sitt ansvar for den pedagogiske leiinga i barnehagen. Det er krav om utdanning som barnehagelærar, og vidareutdanning og/eller erfaring innan leiing er ein fordel. Om den som vert tilsett ikkje har utdanning innan leiing, må vedkomande vere villig å ta utdanning tilsvarande styrarskulen innan det har gått fire år etter tilsetjing.

Barnehagane nyttar ulike dataverktøy i utøving av leiaroppgåver. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT.

Personlege eigenskapar vert vektlagt, og vi søkjer deg som:

  • Har eit stort pedagogisk hjarte og gode leiareigenskapar
  • Er løysings- og utviklingsorientert
  • Kan inspirere, syne omsorg og interesse for det einskilde barn og medarbeidar
  • Har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • Har gode samarbeidsevner og arbeider strukturert og målretta

Vi tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustad

For nærare opplysningar ta kontakt med  kommunalsjef Kristen Holt, tlf. 99446068.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. 

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 17.03.2024

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.