Skip to content

Biblioteksjef – 100% fast stilling – Askvoll kommune

  • by

Dersom du elskar bøker og brenn for å inspirere både nye og gamle lesehestar, kvifor ikkje starte det neste kapittelet i ditt liv som vår nye bibliotekssjef?

Askvoll kommune søkjer biblioteksjef i 100% fast stilling frå 01.06.2024. Askvoll bibliotek held for tida til i romslege lokale i det tidlegare bankbygget i Askvoll sentrum, og er i ferd med å byggje opp ei ny mediesamling.

For meir informasjon om biblioteket – sjå Askvoll bibliotek si heimeside og gjeldande bibliotekplan for Askvoll kommune.

Biblioteket har ei fast stilling, og tenesta er ein del av oppvekstetaten i kommunen. Næraste overordna er kommunalsjef for oppvekst.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg ansvar for drift og utvikling av biblioteket
  • Økonomistyring
  • Dekkje biblioteket sin vaktplan, for tida med ei ettermiddagsvakt per veke
Kvalifikasjonar 
  • Godkjend bibliotekfagleg utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Relevant erfaring
  • God digital kompetanse
  • Må beherske norsk godt – munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 
  • Interesse for og vilje til utviklingsarbeid
  • Engasjert og løysingsorientert
  • Imøtekomande og sørvisinnstilt
  • God formidlingsevne
  • Evne til sjølvstendig arbeid, men også til å samarbeide godt med andre
Vi tilbyr
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale og tilsetjing på kommunale vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk, og hjelp til å finne bustad

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 20.03.2024

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.