Skip to content

Fagutviklingssjukepleiar i omsorgstenesta – 60% vikariat – Askvoll kommune

  • by

Bli vår nøkkelperson i fagutvikling som sjukepleiar!

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Frå 01.5.2024 til 30.4.2025 har vi ledig vikariat som fagutviklingssjukepleiar i 60% stilling i omsorgstenesta,. Stillinga kan kombinerast med stilling som sjukepleiar i helse og omsorgstenesta i 40% stilling i turnus slik at den tilssaman utgjer eit 100% vikariat. 

Arbeidsoppgåver:

  • Ta initiativ til og medverke til fagutvikling, rettleiing og kvalitetsforbetring i omsorgstenesta
  • Oppdaterer faglege rutinar og retningsliner i kvalitetssystemet i samarbeid med leiarane
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg utviklingsarbeid internt i kommunen og med eksterne instansar
  • Tilrettelegging for internundervisning
  • Delta i mottak og opplæring av nytilsette
  • Tilrettelegging for god læring for studentar og elevar i praksis

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Kjennskap og erfaring frå kvalitetssystem er ein fordel.
  • Erfaring og praksis frå fagfeltet
  • Gode norskkunnskapar – skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Interesse for fag og fagutvikling
  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Interesse for å rettleie og formidling av kunnskap
  • Evne å arbeide strukturert i eit tidvis hektisk miljø

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Vi tilbyr:

  • Ein spanande og utviklande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Varierande arbeidsoppgåver
  • Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff for sjukepleiarar 
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.

Askvoll kommune nyttar nynorsk som målform. 

Kontaktperson:
Sara Terese Osland +47 90607962 +47 57734512 sara.osland@askvoll.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 31.03.2024

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.