Skip to content

Fastlege – Askvoll legesenter – Askvoll kommune

  • by

Vi ønskjer deg som fastlege!

Askvoll legesenter er eit velatablert legekontor med eit godt kollegialt arbeidsmiljø.  Vi har 4 fastlegeheimlar og ein LIS1 lege. Stillingane inkluderer og tilsyn ved sjukeheim, helsestasjonslege og kommuneoverlege.   Det er 5 tilsette hjelpepersonale; sjukepleiarar og helsesekretærar.

Det er ledig ein fastlegeheimel (100%) frå snarast med listelengde på ca. 750 pasientar (maks 840 pasientar) og 7,5 t/v  kommunal bistilling. Legen kan velge tilsetjingsform (fastlønn eller privat næringsdrivande med 8.2 avtale).  Kommunen vil også vere fleksibel i forhold til t.d. arbeidstid i tilfelle du vil vekependle.  Opplys i tilfelle i søknaden om dette, så ser vi om det er mogeleg å tilpasse i drifta.

Askvoll kommune deltek i Sunnfjord Ytre Sogn interkommunale legevakt (sys-ikl), lokalisert i Førde frå kl. 15.30-08.00 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar.  Det utgjer ca 2-3 vakter per månad per lege (fastlønsavtale). 

Vi søkjer etter lege som har interesse for allmennmedisin, både ferdig spesialist eller deg som ønskjer å starte på spesialisering i allmennmedisin.  Legesenteret er godkjent som utdanningsverksemd og gjev rettleiing og supervisjon frå spesialist i allmennmedisin.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS3 stilling i allmennmedisin
  • Godkjent LIS1
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlig eigenheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.

Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel. 

Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale med incentivordning (ved fastløn)
  • Individuell rettleiing og supervisjon av spesialist for LIS3
  • Gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelege kollegaer og personale
  • Regelmessig akuttmedisintrening
  • Pensjonsordning KLP
  • Flyttegodtgjersle, jfr personalhandbok for Askvoll kommune
  • Hjelp til å skaffe bustad

Kontaktperson:
Olaug Søreide tlf: +47 57734619 mob: 99290964

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 14.04.2024

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.