Skip to content

Rektor Atløy skule – 100% fast stilling – Askvoll kommune

  • by
Askvoll kommune søkjer ein engasjert og inkluderande rektor til Atløy skule – ein 1-7 skule med vel 40 elevar og omlag 12 tilsette. Skulen ligg i Sauesundet på Atløy, omlag 20 minutt med bil og ferje frå Askvoll sentrum. Skulen sin administrasjonsressurs utgjer omlag 80% av full stilling.
Å vere ei aktiv drivkraft i arbeidet med å utvikle gode pedagogiske og administrative tenester, og skape ein positiv organisasjonskultur med eit godt arbeidsmiljø for skulen sine elevar og tilsette vil stå sentralt i stillinga. Det betyr at vår nye rektor har lett for å sjå moglegheiter og løysingar, er god til å planlegge og har gode samarbeidseigenskapar og relasjonskompetanse.

Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2024

Krav til søkjar:

Vi søkjer ein person med godkjent lærarutdanning, helst med vidareutdanning i skuleleiing og økonomi/administrasjon/personalleiing, erfaring som skuleleiar og med interesse for skuleutvikling.

Personlege eigenskap vert vektlagt, og vi søkjer deg som:

  • er løysings- og utviklingsorientert
  • kan inspirere, syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • har ein open og tydeleg kommunikasjon
  • har gode samarbeidsevner og arbeider målretta

Skulane i Askvoll nyttar alle ulike digitale verktøy i utøving av leiaroppgåvene. Søkjar bør difor ha god kjennskap til, og erfaring med bruk av IKT. Nytilsette  rektorar som manglar skuleleiarutdanning, må gjennomføre dette innan 4 år frå dei vert tilsett.

Vi tilbyr:

  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit godt leiarnettverk – både kommunalt og regionalt
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk, og hjelp til å finne bustad

Nærare opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef oppvekst Kristen Holt, tlf 99446068

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Søknadsfrist 17. Mars 2024

Link til søknadsskjema: Søk her

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.