Skip to content

100% stilling som fagleiar innkjøp – Ullensvang kommune

  • by

Ullensvang kommune søker fagleiar innkjøp

Me ser etter deg som kan løfte anskaffelsesfaget i kommunen. Stillinga inkluderer ansvar for opplæring og rådgjeving, og koordinering med andre på tvers av sektorane i kommunen. 

Her kan du arbeide innan alle fasar i anbudsprosessen: planlegging, gjennomføring, kontraktsoppfølging og digitalisering, og samtidig utvikle arbeidet med moderne verktøy og dyktige kollegaer. Me ser etter deg som har eit positivt engasjement, som tør å tenkje nytt og som er tydeleg. 

Me ser etter deg som både ser detaljane, men også det store biletet. I tillegg er det viktig for oss at du trivst med varierande arbeidsoppgåver, og ilag med kollegaer med fagkunnskap på andre område. Du har god gjennomføringsevne og jobbar effektivt.

Stillinga rapporterer til kommunalsjef for økonomi, men vil vere sentral for andre leiarar og tilsette i kommunen. 

Stillinga vil inneha desse oppgåvene:

  • Anskaffelser
  • Kontraktsoppfølging
  • Opplæring Rapportering
  • Analyse og rådgjeving
  • Innkjøp og e-handel
  • Innkjøpssamarbeid
  • Innovasjon og utvikling
  • Utvikle rutiner
  • Utarbeide beslutningsgrunnlag

Kvalifikasjonar:

  • Det er ynskjeleg med høgare utdanning innan økonomi, tekniske eller juridiske fag. Miljøkompetanse blir verdsatt. 
  • Me søker deg med relevant bakgrunn og erfaring med anskaffelsar og lov og forskrift om offentlige anskaffelser. Me kan legge til rette for nyutdanna med relevante fag. Stillinga gjev stort rom for personleg og fagleg utvikling. 

Eigenskaper:

  • Du har god fagleg forståing, likar strategisk tenking og har god gjennomføringsevne. Du må ha evne til å prioritere, kunne levere kvalitet og vere effektiv under press. Samarbeid og deling står sentralt, på linje med kompetanseheving og utvikling. 
  • Du må vere sjølvstendig, ansvarsfull og systematisk.

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver med spanande utfordringar og eit godt arbeidsmiljø prega av engasjement, dyktige og morosame kollegaer med kloke hovud og interesse for den jobben me gjer. Ein arbeidsplass som er i stadig utvikling, med ambisiøse mål og viktige samfunnsoppdrag. 

Stillinga er i utgangspunktet 100%, men redusert arbeidstid kan vere aktuelt.

Kontaktperson:
Dagmar Lien Isdal +47 90147438 dagmar.lien.isdal@ullensvang.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 02.04.2024

Ullensvang kommune

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?