Skip to content

100% stilling som rekneskapskonsulent ved Økonomiavdelingen – Ullensvang kommune

  • by

Ledig stilling rekneskapskonsulent

Stillinga er del av økonomiavdelinga i Ullensvang kommune. Stillinga rapporterer til kommunalsjef økonomi.
Stillinga er fulltid 100%, men kan vere aktuell som redusert.

Arbeidsoppgåver:

  • Fakturahandsaming
  • Bank og avstemming
  • Kontroll og kvalitetsarbeid
  • Ehandel
  • Innfordring

Kvalifikasjonar:

  • Relevant økonomisk utdanning
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Erfaring med rekneskapsarbeid

Kjennskap til våre verktøy som Visma Enterprise eller Framsikt er ein fordel. 

Personlege eigenskapar:

Du har gode samarbeidsevner, men kan løyse oppgåver sjølvstendig. Du er profesjonell i møte med kollegaer og innbyggjarar. 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid 
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Kontaktperson:
Dagmar Lien Isdal +47 90147438 dagmar.lien.isdal@ullensvang.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 02.04.2024

Ullensvang kommune

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?