Skip to content

Sjukepleiar med Master utdanning innan Helse – Fjaler sjukeheim – 100 % fast stilling

  • by

Vi har no ei ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar med relevant masterutdanning.

For å få ytterlegare kompetanse i organisasjonen vår ser vi no etter deg som er sjukepleiar med masterutdanning innan helse. Vi ønskjer at du skal være med på å bidra til fagleg nytenking og endringsprosessar i eldreomsorga, fagutvikling i organisasjonen, rettleiing av pasientar og pårørande og forbetringsarbeid innan tenestene for å imøtekome framtidas behov.

Det er ynskjeleg at du er fleksibel og kan jobbe ved fleire av avdelingane på sjukeheimen. Vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring.

Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Langvakter starta vi med månadsskifte februar/mars 2024. Denne ordninga er frivillig.

Les om Fjaler sjukeheim om korleis vi jobbar hos oss nedst i annonsen. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller vil høyre meir om stillinga.

Arbeidsoppgåver
  • jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåvene blir utført på ein smidig og god måte
  • Sikre at det blir utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre avdelingane og einingane
  • Vere ein god rollemodell
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar med masterutdanning innan helse . Sjukepleiar med bachelor utdanning kan og søkje
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst
  • God på kommunikasjon
  • Løysingsorientert
  • Godt humør
  • Fleksibel
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga.

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • 20 000,- alltid på topp tillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Kontaktperson:

Evy Solheim
Mobil: +47 57738147
E-post: Evy.Solheim@fjaler.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 16.06.2024

Fjaler sjukeheim har totalt 36 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg. Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.