Skip to content

Avdelingsleiar på Dingemoen skule – Fjaler kommune

  • by

Er du klar for ein spanande og viktig jobb?

Ynskjer du å leie- og motivere dine medarbeidarar, og å bidra til å skape eit positivt leike- og læringsmiljø? Då håpar vi du søkjer jobb hos oss!
Frå 1. august 2024 har vi ledig ei 100 % fast administrativ stilling som kombinert avdelingsleiar for SFO og avdeling 1-4 ved Dingemoen skule.

Dingemoen skule er ein ny skule med klassar frå 1. til 10. steg. Vi har ca. 265 elevar og ei personalgruppe på ca. 55. SFO er ei eiga avdeling ved skulen,
og her går ca. 65 av borna frå 1. til 4. klassesteg. Vi tilstrebar eit tett samarbeid mellom alle på skulen og i SFO, og kan tilby eit godt psykososialt arbeidsmiljø
med positive og inkluderande kollegar.

Vår visjon er Likskap – Kunnskap – Venskap;

  • Dingemoen skule er ein skule for alle.
  • Dingemoen skule er arena for fag og kunnskap.
  • Dingemoen skule er arena for venskap

Vår nye avdelingsleiar må vere ein trygg og tydeleg leiar med stor interesse for skule og skuleutvikling, og ha eit sterkt ynskje om å vere med å
skape ein god skule og SFO for alle!
Vi ynskjer ein stabil og trygg avdelingsleiar som kan samarbeide mot felles mål, vere løysingsorientert og som trivast i ein kompleks og travel skulekvardag.
Avdelingsleiar er ein del av skulen sitt leiarteam som består av rektor, avdelingsleiar SFO/1-4, avdelingsleiar 5-7 og avdelingsleiar 8-10.

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Pedagogisk leiing, legge til rette for lærande fellesskap og bidra til heilskapleg og framtidsretta utvikling av skulen vår.
  • Leie og ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet.
  • Personalansvar og oppfølgingsansvar i høve elevar og føresette
  • Oppfølging av spesial- og sosialpedagogisk arbeid på avdelinga, og kontakt med samarbeidande instansar
  • Administrative oppgåver som timeplanlegging, vikarhandtering, fakturering og liknande.
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Ansvar for å tileigne seg og nytte ny kunnskap
  • Gjennomføring og vidareutvikling av satsingsområde i tråd med rammeplan og LK20.
Kvalifikasjonar
  • Grunnskulelærar, men anna relevant pedagogisk utdanning kan verte vurdert
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Leiarutdanning og leiarerfaring, eller at du er motivert til å ta leiarutdanning

Det er ynskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskule, og erfaring med begynnaropplæring.

Personlege eigenskapar
  • Du er ein stabil, tydeleg og engasjert leiar som skapar gode relasjonar med born, føresette og tilsette.
  • Du har godt humør, er fleksibel, engasjert, løysingsorientert og strukturert
  • Du jobbar sjølvstendig, men er òg ein lagspelar
  • Du har evna til å inspirere, motivere og engasjere medarbeidarane dine.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi vektlegg at du er personleg egna for stillinga.

Vi tilbyr
  • Eit hyggeleg, kompetent og engasjert kollegium
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med mykje humor og varme.
  • Ein hektisk, variert og spennande kvardag
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Kontaktperson:

Eli-Terese Sande
+47 41161021 +47 57738161
E-post: eli-terese.sande@fjaler.kommune.no

Søk her

Søknadsfrist: 16.06.2024

Foto: David Zadig

Dingemoen skule er ein 1-10 skule som ligg i Dale i Sogn og Fjordane. Likskap, kunnskap, venskap er visjonen til Dingemoen skule. Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog. Ved Dingemoen skule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar: – tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring – høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong Vi legg til rette for utvikling av: – tryggleik, trivsel og medverknad – lærelyst, kreativitet og kritisk sans – samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone – godt samarbeid med heimen Dingemoen skule har: – nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme