Skip to content

Styrar til Garmo barnehage – Lom kommune

  • by
Vil du bli styrar i ein gjestfri og nyskapande kommune?

Lom kommune har behov for ein utviklingsorientert og dyktig styrar i Garmo barnehage med vilje og evne til å arbeide for å nå kommunen sine felles mål og satsingsområde.

Det er to kommunale barnehagar i Lom, Loar og Garmo barnehage. Desse har eit tett samarbeid kring pedagogisk utviklingsarbeid og drift av barnehagane. Det er mellom anna jamlege felles styrarmøte og personalmøte og barnehagane har felles fokusområde.

Det er frå 05.08.24 ledig 100 % stilling som styrar i Garmo barnehage.

Barnehagen har 2 avdelingar med per i dag totalt 24 born og 8 tilsette. 60 % av stillinga er pårekna administrasjon.

Barnehagen held til i tidlegare Garmo skule, og har store lokale med mellom anna gymsal. Uteområdet er stort og variert og inneheld område med leikeapparat, fotballbane, akebakke og eit natur /skogområde med gapahuk. Barnehagen ligg skjerma for trafikk.

Vi ynskjer ein person som kan vere med å utvikle framtidas barnehage i Lom.

Arbeidsoppgåver/ansvar:

  • Leie og vidareutvikle barnehagen pedagogisk, personalmessig og administrativt.
  • Rekruttering.
  • Forvalte personal- og budsjettressursar i samsvar med gjevne fullmakter.
  • Sikre at internkontroll, HMS-arbeid og bruk av kvalitetssystem er i tråd med overordna føringar og mål.
  • Økonomioppfølging.
  • Overordna ansvar for forsvarleg dagleg drift.
  • Sikre eit godt samarbeid med føresette og andre aktuelle instansar.

Kvalifikasjonar:

  • Krav om barnehagelærar, eller anna relevant universitets- eller høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Gyldig politiattest må foreligge før tilsetting.
  • Det er ynskjeleg med god skriftleg og munnleg framstillingsevne,
  • Relevant leiarerfaring er ynskjeleg.
  • Erfaring med utviklings- og endringsarbeid i barnehage.
  • Fullført barnehagestyrarutdanning er ynskjeleg.
  • God økonomiforståing.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje opp resultat.
  • Evne til samarbeid.
  • Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og med gjennomføringskraft.
  • Evne til å skape visjonar og gje retning.
  • Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie og inspirere medarbeidarar.
  • Fleksibel og løysingsorientert.

Vi kan tilby:

  • Spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse.
  • Støttefunksjonar innan personale, økonomi og IT.
  • Løn etter avtale.
  • Godt samarbeidsklima.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med:

Styrar Loar: Magnhild Beate Galde, 46921394, magnhild.beate.galde@lom.kommune.no

Tenesteleiar oppvekst: Pål Bertil Eide, 90960740, pal.bertil.eide@lom.kommune.no

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Politiattest vil bli kravd. Lom kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.

Er dette noko for deg?

Søknadsfrist: 19.06.2024

Send inn søknad ved å nytte elektronisk søknadsskjema på www.lom.kommune.no

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein søknad ved å nytte elektronisk søknadsskjema på www.lom.kommune.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.

Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.

Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!

Nettsted https://www.lom.kommune.no