Skip to content

Rektor til Flekke skule – Fjaler kommune

  • by

Har du lyst til å vere med å leie skulen vår?

Den spanande jobben som rektor på Flekke skule er no ledig

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som rektor på Flekke skule frå 1. august 2025. Vår noverande rektor skal gå av med AFP frå hausten og vi ventar no på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Flekke skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.

I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst.  Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.

Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde. I skulebygget ligg også barnehage. Samarbeidet med barnehagen er godt og for barnehageborna skapar dette tryggleik i overgangen til skule.

Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett- og møtt kvar dag av trygge-, kjende vaksne.  

Arbeidsoppgåver

Du vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar. Noko undervisning kan og påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

For å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Du må også vere stø i pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Du må ha kunnskap om- og erfaring frå arbeid i grunnskulen.

Det er også ønskjeleg at du har  kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt kunne syne tryggleik i leiarrolla.

Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.

Særskilde krav

Krav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal synast før oppstart i stilling. Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Vi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Du vil få tett oppfølging i oppstarten av stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

Kontaktperson:

Kjell Roger Stien
Tlf: +47 57738060 +47 90184680
E-post: Kjell.Roger.Stien@fjaler.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknadsfrist: 27.05.2025

Foto Leif Jarle Espedal

Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar og dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. I skulebygget ligg også Flekke barnehage. Flekke barnehage har 36 barn fordelt på tre avdelingar. Barnehagen er lokalisert i same bygg som skulen, og vi har difor ekstra tett samarbeid med skulen Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring. Skulen og barnehagen ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.

Vi på Kommunalrekruttering.no og Norse Recruitment vil passe på å ønske en riktig god jul! Og tusen takk for hyggelige tilbakemeldinger fra flere av våre flotte kunder de siste dagene, les her!